Næraste pårørande har fleire rettar enn andre pårørande når det gjeld til dømes informasjon, samtykke og innsyn i journal.
Som pårørande har du rett til generell informasjon og rettleiing når du tek kontakt med helse- og omsorgstenestene. Dette gjeld både i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i spesialisthelsetenesta.
Helsepersonell har lov til å gi generell informasjon til pårørande utan å bryte teieplikta – også utan samtykke frå brukar.
Dette kan til dømes vere:
- kontaktinformasjon til tenestene
- kven som jobbar der og kva tilbod som finst
- korleis ein søker hjelpemiddel, velferdsteknologi eller støtte
- informasjon om lovverk, saksbehandling og rettar
- tilbod for pårørande, både barn og vaksne
- informasjon om brukar- og pårørandeorganisasjonar
- rett til opplæring og rettleiing
Når brukaren treng hjelp – har du rett til meir informasjon
Jo mindre brukaren sjølv er i stand til å ta vare på eigne interesser, desto større rett har du som pårørande til å få informasjon.
Dersom brukaren er over 16 år og ikkje kan ivareta eigne interesser, har næraste pårørande rett til naudsynt informasjon for å vareta brukaren sine rettar og interesser.
Rett til tolk
Du har rett til å få informasjon på eit språk du forstår. Det skal nyttast kvalifisert tolk, barn eller andre pårørande skal ikkje brukast som tolk.
Les meir om tolketenester
Les meir om rettar for pårørande:
Sist endra 19.08.2025 08.48