Klage på helse- og omsorgstenester
Dersom du er misnøgd med helse- og omsorgstenester du har fått – eller ikkje fått – har du rett til å klage. Dette gjeld både som brukar og som pårørande.
Du kan til dømes klage dersom:
- du meiner at du har fått dårleg behandling eller oppfølging
- du har søkt om tenester og fått avslag
- du meiner at du ikkje har fått den hjelpa du har behov for
- du har opplevd å ikkje bli høyrt eller behandla med respekt
Kven skal eg klage til?
1. Klage på vedtak:
Dersom du ønskjer å klage på eit formelt vedtak (t.d. avslag på heimehjelp eller omfang av teneste) skal klagen sendast til den eininga i Øygarden kommune som har fatta vedtaket. Dette står forklart i sjølve vedtaksbrevet du har fått.
Alle vedtak inneheld informasjon om korleis du klagar og kva fristar som gjeld.
2. Klage på sjølve tenesta eller møtet med tenestene:
Dersom du ynskjer å klage på korleis du eller dine næraste har blitt møtt, behandla eller følgt opp av tenesta, kan du ta det direkte med den eininga eller avdelinga som har gitt tenesta.
Kva skjer med klagen?
Klagen blir først vurdert på nytt av den som har fatta vedtaket eller ytt tenesta. Dersom klagen ikkje blir teken til følge, blir ho sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg vurdering.
Klage på helsehjelp? | Statsforvaltaren i Vestland
Treng du hjelp til å klage?
Pasient- og brukarombodet gir gratis råd og rettleiing. Dei kan hjelpe deg med å forstå rettane dine, skrive klage og følge opp saka. Dei kan også delta i dialogmøte mellom deg og tenestene.
For meir informasjon: www.pasientogbrukerombudet.no/kontakt-oss
Sist endra 19.08.2025 08.59