Status etter fullført prosjekt
Prosjektgruppa har bestått av prosjektleiar og seks institusjonsleiarar. Arbeidet starta opp våren 2024, i samband med planlegging av årsplan for 2025. Arbeidet har identifisert eit samla behov for å trekka ned totalt 25 årsverk fordelt på seks institusjonar. Eit så stort nedtrekk har vore krevjande, og kan ikkje gjennomførast i ein omgang av omsyn til tilsette. I samband med budsjettet for 2025 er det trekt ned omlag halvparten av dei 25 stillingane, medan resten av nedtrekket vil gjennomførast i løpet av 2025.
Samtidig som ein arbeidar med justering av bemanningsfaktor er det også arbeidd parallelt med andre tiltak. Kvar institusjon har fått tilført to servicemedarbeidarar gjennom prosjektet “vår nye ressurs”, i samarbeid med NAV. Dette gjer at dei tilsette kan få avlasting til oppgåver som ikkje krev helsefagleg kompetanse. Framover vert det viktig å sikra at vi får på plass helseteknologi som kan frigera til hos tilsette, og arbeidar vidare med å kartlegga oppgåver som kan utførast av andre. Samla sett vil det kunna avlasta arbeidspresset på tilsette, og sikra at vi brukar tida hos helsefagleg tilsette mest mogleg riktig.