Om programmet

Omstillingsprogrammet skal sikra at Øygarden vert i stand til å levera berekraftige tenester i framtida til dei som bur og oppheld seg i kommunen.

Bakgrunn

Omstillingsprogrammet til Helse og velferd starta opp i 2024, og handlar om å møta samfunnsendringane vi står overfor. Fleire eldre er positivt for folkehelsa, men inneber også at mange fleire innbyggarar vil ha behov for helse- og omsorgstenester i framtida. Det handlar både om at vi ikkje har råd til å fortsetta på same måte som før, men også om at vi ikkje framover vil ha nok helsepersonell.

Omstillingsprogrammet er hovudsatsinga til kommunen for utvikling og omstilling av helse- og velferdssektoren. Gjennom programmet vert det arbeida med fleire små og store grep som skal gjera at vi tilpassar oss framtida og samfunnsendringane. Det handlar om korleis vi kan førebyggja meir, korleis vi bruker fagfolk, kompetanse og pengar best mogleg og korleis vi best mogleg tilpassar tenesta til framtidig behov. Vi ser langt fram i tid, slik at vi allereie no tek gode val for framtida. Det må vi gjera for å sikra at framtidige generasjonar også får tilgang på gode helse- og velferdstenester. 

Vi kan ikkje løysa framtida sine utfordringar ved berre å betra jobben vi gjer i dag. Framover må vi tenkja nytt. Det krev innovasjon og nye måtar å arbeida på. Det kan også bety at kommunen framover ikkje skal eller kan levera same tilbod som i dag. 

Du kan lesa meir om behovet for omstilling i evalueringsrapporten til PwC, gjennomført i 2023. (PDF, 5 MB)

Ulike satsingsområde i omstillingsprogrammet

I omstillingsprogrammet er det valt ut fem satsingsområde. Det betyr at alle aktivitetar og prosjekt i omstillingsprogrammet handlar om omstilling og utvikling innafor desse fem satsingsområda. Satsingsområda er valt ut på bakgrunn av politiske føringar gjennom ulike planar og innspel frå tilsette i helse- og velferdsektoren. 

 

Kva er eit omstillingsprogram?

Det å organisera omstillingsarbeidet i eit program er eit nytt grep i kommunen. Eit program er ein struktur som gjer det mogleg å koordinera og gjennomføra ei rekke prosjekt og tiltak som kan vera avhengig av kvarandre, og må virka saman for å oppnå store endringar.  

Gjennom programmet skal vi sikra god oversikt over ulike aktivitetar og utviklingsarbeid som pågår. Vi skal prioritera tydeleg kva innvasjons- og utviklingsarbeid som vert sett i gong, slik at brukar tida våre på det som er mest viktig. Tydeleg prioritering er også viktig for at vi har nok gjennomføringskraft i dei uilke prosjekta våre, og at vi faktisk får til endring og omstilling. 

Kva ønsker vi å oppnå?

Gjennom omstillingsprogrammet ønsker vi å prioritera prosjekt som bidreg til at vi når målsettinga om å:

  1. Oppnå ei berekraftig helse- og velferdsteneste i framtida
  2. Tilby tilpassa tenester med god kvalitet
  3. Vera ein attraktiv arbeidsgjevar

Organisering av programmet

Styringsgruppa består av kommunedirektøren og hans leiargruppa. Styringsgruppa har det overordna ansvaret for programmet. 

Kommunalsjef for helse og velferd er programeigar. Det betyr at kommunalsjefen er ansvarleg for å levera gevinstar og effektar i programmet. 

Programkontoret støttar og legg til rette for god program- og prosjektstyring. Det inneber å støtte og rettleia ulike prosjektleiarar, og sikra god planlegging og gjennomføring i dei enkelte prosjekta. 

Prosjektleiar planlegg og gjennomfører ulike prosjekt.