Kva er miljøretta helsevern?
Kommuneoverlegen er fagleg ansvarleg for miljøretta helsevern i Øygarden kommune. Miljørettet helsevern ved Helsevernenheten i Bergen kommune er leigd inn av kommuneoverlegen i Øygarden kommune til å utføra sakshandsaming innan miljøretta helsevern.
Kort fortalt
- Miljørett helsevern fører tilsyn med det fysiske miljøet for barn og unge i barnehagar og skular. Liste over godkjente skular og barnehagar i Øygarden kommune (her).
- Vi behandlar klagesaker om blant anna støy, lukt, støv og skadedyr.
- Vi fører tilsyn med helsemessige forhold i forskjellige verksemder, som symjebasseng, tatoveringsstudio, solarier og campingplassar.
Våre arbeidsoppgåver
Nokre typar verksemder må ha godkjenning før oppstart. Kommunen gir samtykke på bakgrunn av opplysningar og planar som førelåg på tidspunktet for godkjenninga. Godkjenninga er ikkje i seg sjølv eit kvalitetsstempel på verksemda.
Verksemdene nedanfor må senda inn søknad om godkjenning før oppstart, ved renovering, tilbygg, mellombelse lokale eller driftsmessige endringar:
- Skular (lenkje til godkjente skular)
- Barnehagar (lenkje til godkjente barnehagar)
- Tatoveringsverksemder
- Piercingverksemder
For å sikra befolkninga mot faktorar i miljøet som kan verka negativt på helsa, har verksemdene nedanfor meldeplikt til kommunen:
- Badeanlegg og boblebad
- Badstover
- Asylmottak og hospits
- Frisørsalongar
- Hudpleie
- Solarier
- Undervisningslokale og forsamlingslokale o.l.
- Campingplassar
- Verksemder som har kjøletårn, luftskrubber eller liknande innretningar
- Verksemder som slepp ut avløpsvatn
Verksemder må senda inn melding ved oppstart, renovering, tilbygg, mellombelse lokale eller driftsmessige endringar.
Sist endra 30.04.2025 10.24