Dersom du får helseplager frå faktorar i miljøet, kan du ta kontakt med kommuneoverlegen i kommunen.
Kort fortalt
- Dersom du får helseplager frå faktorar i miljøet, kan du ta kontakt med kommuneoverlegen i kommunen.
- Miljørettet helsevern behandlar berre klager på forhold som gir vesentlege helseplager.
- Før du sender inn ei klage, må du ta kontakt med den som er ansvarleg for forholdet for å prøva å finna ei løysing.
- Klaga di vil bli vurdert av Miljørettet helsevern, men i mange tilfelle skal du kontakta andre myndigheiter.
- Som hovudregel må du, før du sender inn ei klage, ta kontakt med den som er ansvarleg for forholdet for å prøva å finna ei løysing eller forsøkja å løysa konflikten i konfliktrådet.
Når vi mottar klaga, vurderer vi først om saka fell inn under vårt ansvarsområde, og om vi har ressursar til å behandla den.
Vi mottar mange klager, og sakene blir prioriterte etter alvorlegheitsgrad.
Dersom vi behandlar saka, tar vi først kontakt med den som forårsakar helseplaga di. Dei fleste saker løyser seg med dialog, men vi kan stilla krav om å retta opp miljøforhold som medfører helseproblem.
- Kun til sjenanse
- Brot på ordensreglar i burettslag, då dette blir regulert av burettslagslova
Vi behandlar vanlegvis ikkje klager på vegner av andre.
Nabokonfliktar
Klager eller konfliktar mellom naboar, og mellom enkeltbebuarar og verksemder, behandlar vi som regel ikkje etter Folkehelselova.
Slike konfliktar inneheld ofte andre aspekt utanfor miljøretta helsevern. Det er ofte ressurskrevjande saker, målt opp mot den helsegevinsten ein kan oppnå.
Slike saker må eventuelt følgjast opp privatrettsleg etter reglar i nabolova.
Ver merksam på at du ikkje skal senda klaga til Bergen kommune, men til kommuneoverlegen i Øygarden kommune.
Her finn du meir informasjon om ulike tema det er mogleg å klaga på som påverkar helsa negativt:
Du må først ta kontakt med den som forårsakar helseplagene før du klagar til Miljørettet helsevern.
I klaga må du dokumentera og detaljert beskriva:
- Kva forårsakar helseplagene?
- Kven forårsakar helseplagene?
- Kva plager får du eller de?
- Kvar er du eller de plaga (inne, ute)?
- Kor tid oppstod det for første gong?
- Kor tid på døgnet er du eller de plaga, og kor lenge?
Du må ha med kontaktinformasjon til den som klagar, og helst til den som forårsakar helseplagene. Dersom fleire står bak klaga, må alle skriva under med namn eller signatur.
De må i tillegg stadfesta at klaga er tatt opp med den som forårsakar helseplagene. Beskriv kva som er drøfta og når det skjedde.
Send klage
Send klage til postmottak@oygarden.kommune.no
Ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar.
Sist endra 30.04.2025 10.29