På nettsida til Bergen kommune kan du lesa meir om helsevern i skule.
Kva kan du klaga på?
Dersom det er forhold ved skulen du meiner ikkje er helsemessig tilfredsstillande etter krava i forskrifta skal du fyrst ta kontakt med skulen. Har ikkje skulen følgt opp førespurnaden innan rimeleg tid, kan du sende inn ein klage i klageskjemaet under.
Du kan klaga på skulen sine inne- og uteareal, rutinar, elevane sitt leike- og læringsmiljø. Døme på klage vedkomande dette kan vera:
- Dårleg inneklima, t.d fukt, mugg, dårleg luft
- Dårleg reinhald
- Mykje støy innandørs eller utandørs
- Dårleg sikkerheit, t.d. manglar ved skulen sine rutinar, konkrete forhold som kan føra til ulukke eller skade, at det har skjedd ei uønskt hending som førte til, eller kunne ha ført til, helseskade
- Dårlege hygienerutinar eller smittevern
Send klage
Send klage via elektronisk klageskjema
Ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar.
Saker som omhandlar elevar sitt psykososiale arbeidsmiljø skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland.
Helseverngodkjenning av barnehagar og skular
Visste du at alle barnehagar og skular i kommunen må vere godkjende etter reglane for miljøretta helsevern? Du kan lese meir om krava her på nettsida til Bergen kommune.
Barnehagar
Barnehagar som har helseverngodkjenning:
- Eventus Sartorlunden barnehage
- Hamramyra barnehage - kommunal
- Havhesten FUS barnehage
- Klokkarvik barnehage - kommunal
- Knappskog barnehage – kommunal
- Knappen familiebarnehage
- Knerten familiebarnehage
- Langøy friluftsbarnehage
- Leirstaden barnehage - kommunal
- Liatunet barnehage
- Liljevatnet barnehage - kommunal
- Læringsverkstedet Aronien
- Læringsverkstedet Gardstunet barnehage
- Læringsverkstedet Straume
- Læringsverkstedet Valen
- Marihøna barnehage - kommunal
- Norlandia Kårtveitpollen barnehage
- Norlandia Naustvika barnehage
- Norlandia Svanevågen Gårds- og friluftsbarnehage
- Norlandia Ulven naturbarnehage
- Preg barnehager Blomvåg
- Preg barnehager Straume
- Preg barnehager Toftøy barnehage
- Sauafjellet FUS barnehage
- Skogsvåg barnehage - kommunal
- Spildepollen kystbarnehage - kommunal
- Spurven familiebarnehage
- Stranda barnehage - kommunal
- Straume barnehage - kommunal
- Terna barnehage - kommunal
- Tiriltunet barnehage
- Ulveseth barnehage - kommunal
- Ågotnes barnehage - kommunal
Barnehagar som ikkje har helseverngodkjenning:
- Bjorøy barnehage - kommunal
Skular
Skular med helseverngodkjenning:
- Bjorøy skule
- Brattholmen skule
- Danielsen barne- og ungdomsskule
- Fjell Ungdomsskule
- Hjelteryggen skule
- Knappskog skule
- Kolltveit skule
- Landro skule
- Rong skule
- Skogsvåg skule
- Spildepollen skule
- Stranda skule
- Sund Ungdomsskule
- Tjeldstø skule
- Tranevågen Ungdomsskule
- Ulveset skule
- Øygarden Ungdomsskule
Skular som ikkje er helseverngodkjent:
- Foldnes skule
- Gangstø ressurssenter for ungdomsskuleelevar
- Skålevik skule
- Sotra vidaregåande skule
- Toftøy skule
- Ågotnes skule
På nettsida til Helsedirektoratet kan du lesa rettleiaren til forskrifta.
Formålet med godkjenninga er å sikre at barna har eit trygt og godt miljø der dei kan trivast, leike og lære. Det skal også førebyggje sjukdom, skadar og alvorlege hendingar.
Kva betyr dette for deg som forelder?
- Miljørettet helsevern sjekkar på vegne av kommuneoverlegen at barnehagar og skular følgjer reglane i forskrifta.
- Miljøet skal vere helsefremjande og trygt – både inne og ute.
- Det blir teke omsyn til barnas behov når nye bygg blir planlagde, eller når det skjer endringar i drifta.
- Kommunen gir råd og rettleiing til barnehagar og skular både før og etter godkjenning.
Dette arbeidet er ein viktig del av å ta vare på barna våre – kvar dag.
Lover og forskrifter