Sorgtilbod

Sorg er ein heilt normal reaksjon når du mister nokon som er viktig for deg. Kvar person opplever og uttrykkjer sorg på sin eigen måte. Det finst inga riktig eller gal måte å sørgja på.

For dei fleste vil dei første dagane etter dødsfallet følast uverkelege. Som om det ikkje kan vera sant det som har skjedd. Når denne følelsen etterkvart slepp taket, kan følelsar som sakn og lengsel bli sterke. Med tida blir desse reaksjonane vanlegvis mildare. 

Sorga kjem ofte i bølger, og kan ta tid. Å sørga handlar ikkje om å "koma over det", men om å læra seg å leva med saknet av den du har mista. 

Sjølv om vi handterer sorg ulikt, vil dei fleste veksla mellom å nærma seg det som har skjedd, gradvis akseptera og venna seg til det, og deretter gå vidare i livet.

Nyttig informasjon

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte