Kva er lindrande behandling?

Lindrande behandling (palliasjon) er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med uhelbredeleg sjukdom og avgrensa forventa levetid.

Målet med lindrande behandling er å gjera livet best mogleg, både for deg og dei pårørande dine, i alle fasar av ein alvorleg sjukdom. Hovudfokus er å førebyggja og lindra symptom som smerte, kvalme, depresjon, åndelege/eksistensielle utfordringar og andre plager som alvorleg sjuke kan oppleva.

Nokon får lindrande behandling i ein kort fase, medan andre får det i fleire år.

Kven kan få lindrande behandling?

Alle med behov for lindrande behandling og omsorg skal få tilbod om det, uavhengig av diagnose. Lindrande behandling og omsorg kan vera aktuelt tidleg i sjukdomsforløpet saman med behandling som har som føremål å forlenga livet.

Pasientar med behov for lindrande behandling kan vera svært ulike. Nokon kan vera i fullt arbeid, medan andre kan ha stort behov for hjelp i det daglege.

Kven kan gje lindrande behandling?

Lindrande behandling vert gitt:

  • i heimen
  • på sjukeheim/institusjon i kommunen
  • på sjukehus
  • i spesielle lindrande einingar på sjukehus, sjukeheimar og helsehus

Ofte vil ulike yrkesgrupper samarbeida for å gi pasient og pårørande best mogleg behandling og hjelp.

I tillegg til lege og sjukepleiar, kan fysioterapeut, ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom, psykolog og ein samtalepartnar/ein trus- eller livssynsrettleiar hjelpa, dersom pasienten ønskjer det.

Rett til medverknad og informasjon

Open dialog med helsepersonellet om behandlingsstrategiar skal gi pasient og pårørande så mykje tryggleik og så føreseielege rammer som mogleg. Pasienten har rett til god informasjon om målet med behandlinga, kva effekt ho kan ha, og kva biverknader ho kan gi. Pasienten har rett til å takka ja eller nei til den behandlinga som vert tilbydd.

Saman med pasienten vil legen vurdera behandlinga. Lege vil ta omsyn til pasienten sine erfaringar og ønske, og til livskvalitet i kvardagen. Ved livsforlengande behandling må effekten av behandlinga alltid vurderast opp mot ei eventuell forverring av livskvaliteten.

Når lege skal starta eller avslutta behandling er dei avhengige av ein god dialog med pasienten. Dersom pasienten ikkje kan gi uttrykk for ønska sine, skal legen lytta til dei næraste pårørande.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte