Førehandssamtaler (Lindrande behandling)

Ein førehandssamtale er ein eller fleire samtalar med helsepersonell om ønska dine og behov no og framover når du har avgrensa tid igjen å leva. I samtalar kan du få snakka om det som er viktig for deg som pasient. Det kan vera fint å ha med eit familiemedlem eller ein annan pårørande i samtalen.

Føremålet med førehandssamtalar er at helse- og omsorgstenesta kan hjelpa og støtta deg best mogleg i den tida du har igjen.

Som pasient har du rett til informasjon om behandling og pleie. Du har rett til å takka ja eller nei til behandling. Alvorleg sjukdom kan gjera at det på eit tidspunkt blir vanskeleg å ta del i avgjersler om behandling og pleie. Informasjon frå førehandssamtalar med deg vil hjelpa helsepersonell til å ta avgjersler som er i tråd med ønska dine.
Det kan lagast ein plan for vidare behandling og pleie ut frå ønska dine og behov formidla i førehandssamtaler.

Nyttig informasjon

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte