Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette frå ulike arbeidsplassar i kommunen. Vi har kunnskap og erfaring i å bistå ved alvorlege hendingar, i form av psykososial og/eller praktisk bistand.
Kva tilbyr vi?
Psykososialt kriseteam bistår for ein kort periode ved større hendingar der det normale hjelpeapparatet ikkje strekk til.
Kven kan få tilbodet?
Hjelpa vert i første omgang konsentrert rundt næraste familie og omgangskrets.
Korleis få tilbodet?
Har du behov for oppfølging etter ei hending (t.d. alvorlege ulukker, katastrofar, brå dødsfall) skal du kontakte Sotra legevakt. Legevakta vil gjera ei vurdering, og aktivera psykososialt kriseteam om nødvendig.
Kva skjer vidare?
Når psykososialt kriseteam får varsla behov tek vi kontakt umiddelbart. Saman avklarar vi behov og følgjer opp. Vi kan aktivera andre instansar, om nødvendig. Vi føl normalt opp ved behov den første veka, og har rutinar for å sjekka ut korleis dei berørte har det 1 og 3 månader etter hendinga. Dersom eit oppfølgingsbehov vert avdekt, kan vi bistå med å losa vidare til rett instans.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Sist endra 13.05.2025 11.08