På Helsenorge kan du lesa meir om ulike oppfriskingsvaksinar.
Aktuelt no er at det er eit nasjonalt utbrot med kikhoste. Kikhoste er rekna som ein av dei mest smittsame barnesjukdomane, og kan vere særleg alvorleg for spedbarn. Kikhoste vert også omtalt som 100-dagarshoste. Vaksine mot kikhoste inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, og ein får tilbod om denne på helsestasjonen ved 3, 5 og 12 månaders alder. Tre dosar utgjer det ein kallar grunnvaksinasjon. I tillegg vert det gitt tilbod om oppfriskingsdose til barn på 2. og 10. trinn.
Det er ei sterk tilråding at alle vaksne tek oppfriskingsdose med kikhostevaksine kvart 10. år. Dette ansvaret ligg på kvar enkelt.
Dersom du er usikker på når du tok vaksinen sist, kan du logga deg inn på Helsenorge si vaksineteneste. Der er det oversikt over vaksinar du har tatt og kva tid du har tatt dei.
Ved behov for påfyll, ta kontakt med fastlegen din.
Kikhoste vaksinen er berre tilgjengeleg i kombinasjonsvaksine. Dette betyr at vaksinen gir vern mot fleire sjukdomar. Det er ei trygg og godt utprøvd vaksine.
Når vi no har eit nasjonalt utbrot med kikhoste er det ekstra viktig å sørge for at ein har teke oppfriskingsdose med vaksinen, på denne måten kan ein beskytte både seg sjølv og andre.
Du kan lesa meir om kikhoste her.