Aktiv mot kreft

Aktiv mot kreft er eit treningstilbod for deg som bur i Øygarden kommune og er berørt av kreft. 

Personar som trener - Klikk for stort bilete

Om treningstilbodet

Fysisk aktivitet gir helsegevinst både før, under og etter kreftbehandling. 

  • Tilrettelagt og persontilpassa trening både før, under og etter kreftbehandling 
  • Oppstartssamtale med kartlegging og målsetting 
  • Oppfølging av fysioterapeuter 
  • Aktuelle temasamlinger

Vi er fysioterapeuter med spesialkompetanse på trening og kreft, med utdanning fra Norges Idrettshøyskole.

Fordeler ved trening

  • Betre livskvalitet
  • Reduserer tap av muskelstyrke og gir bedre kondisjon. Betrar immunforsvaret og reduserer risiko for infeksjonar
  • Reduserer angst og depresjon
  • Reduserer kvalme og fatigue

Dette tilbodet er eit samarbeid med kreftkoordinator og Friskliv- og meistringssenteret i Øygarden kommune. 

Du er hjarteleg velkommen til å besøkja oss for ein prat og for å sjå kva vi tilbyr. 
Vi ønskjer å skapa eit miljø for dykk som er ramma av kreft.

Pris

Kr. 350 per månad, ingen bindingstid.

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål, ta kontakt med Pia Øvstedal på telefon 56 90 19 00 eller på e-post pia.ovstedal@mova.no.