Syns- og audiopedagogisk teneste

Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT Vestland) gjev råd til brukarar som bur i tidlegare Hordaland fylke.

Alle med betydelege høyrsels- eller synsutfordringar kan få hjelp og rettleiing. Førespurnaden kan kome frå ein institusjon, ein fagperson i hjelpeapparatet eller frå brukaren sjølv.

SAPT Vestland kan bidra med konsultasjon, råd og tenester knytt til syns- og høyrselsfeltet til innbyggjarane i kommunen.

På nettsida til Bergen kommune finn du meir informasjon om syns- og audiopedagogisk teneste.