Heimesjukepleie

Helsetenester i heimen skal gje deg naudsynt og forsvarleg helsehjelp, og bidra til at du skal kunna bu i eigen bustad så lenge som mogleg.

Målgruppe

Tenesta er eit tilbod til innbyggjarar som har behov for helse- og omsorgstenester i heimen. Innbyggjarar som ikkje sjølv kan oppsøkja helsehjelp på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing og som er avhengig av hjelp i eigen heim for å få dekt grunnleggande helse- og omsorgsbehov.

Kva kan du få hjelp til?

Helsetenester i heimen vert gjeve til innbyggarar i alle aldrar som har behov for nødvendig helsehjelp og som ikkje kan få dekt dette behovet på anna måte. Med helsehjelp meiner vi handlingar som er førebyggjande, behandlande, helsebevarande og/eller rehabiliterande. Tenesta blir gitt uavhengig av buform, og vert tildelt på individuelt grunnlag.

Tenesta vert utført etter behov og kan blant anna vera:

  • Hjelp til grunnleggjande behov når det gjeld mat, ernæring og personleg hygiene
  • Legemiddeladministrasjon og/eller -oppfølging og anna medisinsk behandling (i samråd med fastlege)
  • Opplæring og rettleiing knytt til helserelaterte situasjonar for eigenomsorg og eigenmeistring, gjerne saman med pårørande
  • Oppfølging/observasjon av helsetilstand/sjukdomsutvikling
  • Tilrettelegging for lindrande behandling og omsorg/pleie ved livets slutt
  • Støtte og rettleiing til pårørande ved alvorleg sjukdom
  • Psykisk-/fysisk helsehjelp
  • Rusmeistring

Kriterium og vurdering

Tenesta vert tildelt etter søknad frå deg eller pårørande/verje (samtykke). I dialog med deg vil vi kartleggja behov for helsehjelp med individuell vurdering av blant anna

  • Behov for nødvendig helsehjelp 
  • Omfang av hjelpebehov 
  • Medisinske opplysningar frå fastlege/spesialisthelseteneste 
  • Kva ressursar/hjelp innbyggjar har sjølv eller har frå eige nettverk  
  • Tenesta kan bli gitt som kortvarig opplæring, om det vert vurdert som formålstenleg

Kva forventar vi av deg som mottek helsetenester i heimen?

  • Du gjer deg kjent med innhaldet i vedtaket og kva tenester du har fått tildelt; samt deltek i planlegging av utføring så langt det let seg gjera. Du tek i vare og utfører dei oppgåver du meistrar sjølv
  • Du nyttar hjelpemiddel og velferdsteknologiske løysingar dersom det er vurdert som nødvendig (til dømes heis, sjukeseng, tryggleiksalarm mm)
  • Du syter for eit røykfritt arbeidsmiljø når helsepersonell er til stades, samt at husdyr blir halde i eit anna rom eller i band ute
  • Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt

Kva kan du ikkje få hjelp til?

  • Følgje/transport og ærend utanfor heimen
  • Tenester som helsepersonell har konkludert med at du kan få utført på legekontor (til dømes sårstell, prøvetaking, urinprøve, injeksjon, vaksinering)
  • Betaling av rekningar, handtering av pengar, bank- eller posttenester
  • Oppgåver husdyrhald
  • Middagslaging (vi kan varma opp ferdig tillaga mat)

Praktiske opplysningar

Vi vurderer hjelpebehov fortløpande og kan etter ei fagleg vurdering auka opp, redusera eller avslutta hjelpa. Vi vil tilstreba mest mogleg kontinuitet i tenesta, men det må påreknast at det kjem fleire ulike personar for å stette ditt behov. Om det oppstår særskilte utfordringar vert dette søkt løyst gjennom dialog med deg.

Det må påreknast at det i tillegg til fast personell kjem lærlingar og anna personell under opplæring.

Ved akuttsituasjonar kan det henda vi må utsetja eller avlysa enkeltoppdrag, i så fall får du melding om dette.

Søk om heimesjukepleie

I søknadsskjemaet skildrar du eigne hjelpebehov og kva for tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.

Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Pris 

Tenesta er gratis. Det kan krevjast eigenbetaling for andre oppgåver (til dømes vaska opp, ta inn/ ut av oppvaskmaskin, skifta på seng eller liknande).

Lovgrunnlag

Du kan klaga på vedtaket

Heimetenesta
Telefon 56 16 05 00

Tast 1 for avdeling Straume
Tast 2 for avdeling Skogsvåg (sør)
Tast 3 for avdeling Ågotnes (nord)
Tast 4 for avdeling Bildøy

Kontortid:
Måndag til fredag 
kl. 08.30 – 14.30