Heimehjelp (praktisk bistand)

Praktisk bistand (heimehjelp) er eit tilbod om hjelp til varierte praktiske gjeremål for å bidra til at du kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Målgruppe

Innbyggjarar med særlege hjelpebehov som på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre årsaker ikkje kan ta omsorg for seg sjølv, og som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greia daglege gjeremål.

Kva kan du få hjelp til?

Tenesta skal syta for å leggja til rette for hjelp til reinhald for alle som på grunn av akutt eller kronisk helsesvikt og/eller funksjonsnedsetjing ikkje meistrar praktiske gjeremål, og som er heilt ute av stand til å utføra dette på eiga hand.

Tenesta vert utført etter behov

  • Reingjering av rom som er i dagleg bruk, til dømes golvvask, støvsuging, støvtørking, vask av bad/wc
  • Vask av kjøkkenbenk, komfyr. Bruk av oppvaskmaskin
  • Ta ut boss frå kjøkken/bad
  • Sengeskift og klesvask
  • Hjelp med å bestilla matvarer
  • Tenesta blir gitt uavhengig av buform og vanlegvis kvar 3. veke.

Kriterium og vurdering

Tenesta vert tildelt etter søknad frå deg eller pårørande/verge (samtykke). I dialog med deg vil vi kartleggja behov for hjelp til praktiske gjeremål med individuell vurdering av blant anna

  • Omfang av hjelpebehov 
  • Fallfare ved utøving av praktiske gjeremål
  • Bruk av forflyttingshjelpemiddel
  • Auka helseutfordringar som resultat av gjeremåla
  • Medisinske opplysningar frå fastlege/spesialisthelseteneste 

Det vert vurdert om oppgåvene kan utførast ved bruk av hjelpemiddel eller andre alternative løysingar, til dømes velferdsteknologi og robotstøvsugar. Det vert og vurdert om andre i husstanden kan dela på oppgåvene. Dersom det er nødvendig med utvask/nedvask, syter du for det før hjelpa vert sett i gang.

Kva forventar vi av deg som mottek heimehjelp?

  • Du gjer deg kjent med innhaldet i vedtaket og kva tenester du har fått tildelt
  • Du syter for eit røykfritt arbeidsmiljø når helsepersonell er til stades, samt at husdyr blir halde i eit anna rom eller i band ute
  • Du har formålstenleg støvsugar som er tenleg for oppgåva som skal utførast (unngå handhaldt støvsugar)
  • Husværet må vera så ryddig som mogleg (heimehjelpa ryddar ikkje før utføring av tildelte tenester)
  • Du er heime når tenesteutførar kjem. Er du forhindra, gjev du oss beskjed innan kl. 14 dagen før. Dersom vi ikkje får beskjed, må du likevel betala for tenesta (gjeld ikkje ved akutt innlegging).

Kva kan du ikkje få hjelp til?

  • Hjelp til oppgåver du kan utføra sjølv, enten sjølvstendig eller med hjelpemiddel
  • Følgje/transport og ærend utanfor heimen
  • Hjelp med rekningar, bank- eller posttenester
  • Oppgåver knytt til husdyrhald
  • Middagslaging (vi kan varma opp ferdig tillaga mat)
  • Omfattande reingjering og opprydding
  • Vedlikehald hus/hage, flytting, reingjering fellesareal i burettslag/sameige, snørydding, bæring/hogging av ved, bosslevering

Praktiske opplysningar

Dersom tenesta ikkje vert nytta i ein periode på 60 dagar, vert vedtaket vurdert avslutta. Vi vil tilstreba mest mogleg kontinuitet i tenesta, men det må påreknast at det kjem fleire ulike personar for å stette ditt behov. Om det oppstår særskilte utfordringar vert dette søkt løyst gjennom dialog med deg. Det må påreknast at det i tillegg til fast personell kjem anna personell under opplæring. Vi utfører ikkje praktisk bistand på heilagdagar, planlagt hjelp vil då utgå eller bli gitt ein annan dag.

Søk om heimehjelp

I søknadsskjemaet skildrar du behova dine og kva for tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde (DOC, 209 kB).

Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB) (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Pris

Samla inntekt i husstanden avgjer kor mykje du må betala for heimehjelp. 
*) Maksimalsats er regulert i "Forskrift om eigendel for helse- og omsorgstenester §10".

Praktisk bistand
PrisSats 2026
Intill 2GEtter forskrift
2G - inntil 3G995
3G - inntil 4G2 050
4G - inntil 5G3 050
5G og over4 070
Timepris375

Lovgrunnlag

Du kan klaga på vedtaket

Heimetenesta
Telefon 56 16 05 00

Tast 1 for avdeling Straume
Tast 2 for avdeling Skogsvåg (sør)
Tast 3 for avdeling Ågotnes (nord)
Tast 4 for avdeling Bildøy

Kontortid:
Måndag til fredag 
kl. 08.30 – 14.30