Målgruppe
Innbyggjarar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetjing eller andre årsaker, og som sjølv heilt eller delvis ikkje kan ivareta daglege praktiske og personlege gjeremål. Dersom du har foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne, kan du ha rett til å få avlastingstiltak organisert som BPA.
Kva kan du få hjelp til?
BPA er ein måte å organisera praktisk bistand og opplæring på. Praktisk bistand omfattar hjelp til dagleglivet sine praktiske gjeremål i hushaldinga og personleg stell. Tenesta skal vere føreseieleg og tilrettelagt på best mogleg måte og skal hjelpa innbyggjaren til å bli sjølvhjelpt i dagleglivet. Innbyggjaren avgjer sjølv når og kva oppgåver som skal utførast i samsvar med vedtaket om tenester. Vedtaket gjer greie for kva behov som skal dekkjast og tal timar som er innvilga.
Når tenesta er organisert som ei BPA-ordning, er det innbyggjaren sjølv som er arbeidsleiar i ordninga. Er innbyggjaren mindreårig, er det føresette som har dette ansvaret.
Oppgåver knytt til BPA kan vera:
- praktisk bistand og opplæring, inkludert hjelp til eigenomsorg og personleg stell
- hjelp til deltaking i fritidsaktivitetar, som fritidskontakt
- avlasting for føresette med heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne
Kriterium og vurdering
For å få innvilga tenester organisert som brukarstyrt personleg assistanse, må du ha rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen. BPA-ordninga er berekna for born og vaksne som har et stort og varig assistansebehov. Utgangspunkt for vurdering og utmåling av tenester er lik som andre søknadar om helse og omsorgstenester. Du må bu i Øygarden kommune og du eller eventuelt pårørande/verje må kunna vera arbeidsleiar for ordninga.
For å ha rett til å få organisert tenester som BPA, må det liggja føre eit langvarig behov (over 2 år) og eit tenestebehov på minst 32 timar i veka. Innbyggjarar med tenestebehov mellom 25 og 32 timar i veka har òg rett til BPA, med mindre kommunen kan dokumentera at slik organisering vil vera vesentleg meir kostnadskrevjande.
Det må vera formålstenleg å organisera praktisk bistand som ei BPA-ordning: Hovudregelen er at det ikkje skal vera behov for tenester som krev fleire enn éin tenesteytar.
Kva forventar vi av deg som mottek brukarstyrt personleg assistanse?
- Du gjev beskjed når behovet for tenesta tar slutt eller endrar seg
- Assistentane har føreseielege arbeidsplanar i tråd med Arbeidsmiljølova og retningsliner for ordninga.
- Du syter for eit røykfritt arbeidsmiljø når assistentar er til stades
- Du gjer deg kjend med ansvaret og oppgåvene som det å vera arbeidsleiar fører med seg.
- Du er sjølv arbeidsleiar for assistentar som vert tilsett. Dersom tenestemottakar er mindreårig, er det føresett som er arbeidsleiar.
Praktiske opplysningar
Tenesta blir utført av assistentar i ordninga, i samarbeid med den private aktøren som organiserer tenestene. Dersom du har foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne, kan du ha rett til å få avlastingstiltak organisert som BPA.
Slik søkjer du
Søk om BPA ved å bruka søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Skriv om behova dine for hjelp.
Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.
Digital søknad
Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:
Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Søknadsfristar
Søknader vert behandla fortløpande. Når søknad er motteken, avtalar vi eit heimebesøk for kartlegging av behova dine. Du må gjerne ha med pårørande eller annan tillitsperson i møtet.
Pris
Samla inntekt for husstanden dannar grunnlag for kor mykje du må betala for delen av tenesta som er praktisk bistand, hushald.
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket