Målgruppe
Innbyggjarar med funksjonsnedsetjing som kan ha nytte av ergoterapitenesta.
Kva kan du få hjelp til?
Personar som har vanskar med å utføra personlege gjeremål, kan ha nytte av å få oppfølging av ergoterapeut. Ergoterapeut kan gje tenester i heimen eller på andre aktuelle arenaer, som skule og barnehage. Ved behov samarbeider terapeutane med andre tenesteytarar i og utanfor kommunen.
Tilbodet inkluderer kartlegging og undersøking, utifrå kartlegging set vi saman mål og tiltak.Aktuelle tiltak kan vera:
- Trening på aktivitetar i dagleglivet
- Hjelp til tilrettelegging av omgjevnader
- Råd og rettleiing
- Hjelpemiddelformidling
Dersom du har behov for å eit hjelpemiddel for å klara deg i dagleglivet, kan ergoterapeuten hjelpa med å søkja om dette til NAV hjelpemiddelsentralen og gje opplæring i bruk. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode, kan du låna dette frå korttidslageret i kommunen.
Kriterium og vurdering
Individuell vurdering etter prioriteringsnøkkel finn du nede i artikkelen.
Kva forventar vi av deg som mottek ergoterapi?
- Du er delaktig i å setja mål for oppfølging og følgjer dette opp som avtalt
- Du gir beskjed viss du er hindra frå å gjennomføra avtalt time
- Dersom hjelpemiddel er eit tiltak, skal ein først avklara om utstyr frå vanleg handel er tilstrekkeleg
- Du tar vare på utlånte hjelpemiddel og gjer beskjed viss noko vert øydelagt eller ikkje er i bruk
- Husdyr blir haldne i eit anna rom eller i band ute når helsepersonell er til stades.
- Du syter for eit røykfritt arbeidsmiljø når helsepersonell er til stades.
Kva kan du ikkje få hjelp til?
- Praktisk hjelp i eigen bustad
- Persontransport
- Behandling av økonomi og banktenester
- Tilrettelegging i arbeidslivet
Praktiske opplysningar
For pasientar i eit habiliterings- eller rehabiliteringsforløp vert tenesta gitt saman med institusjonar, heimesjukepleie, bustadtilbod, dagtilbod, barnehage, skule, arbeidsplass eller andre relevante samarbeidspartar.
Slik søkjer du
Ergoterapi er eit lågterskeltilbod. Dette inneber at du ikkje treng tilvising frå lege, men kan søkje sjølv.
Send skjema til:
Øygarden kommune - Helse, meistring og rehabilitering
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Pris
Tenesta er gratis.
Prioriteringsnøkkel
1. Prioritet
Rask intervensjon vert vurdert til å ha særleg stor betyding for brukaren sitt funksjonsnivå, livskvalitet og lindring.
Problemstilling
- Baby under 12 mnd.
- Tryggleik i bil, heim og omgjevnader
- Akutte overføringsfasar
- Brått funksjonstap og/eller akutte behov
- Kort forventa levetid
Ventetid: Så raskt som mogleg, seinast innan 2 veker.
2. Prioritet
Tidleg intervensjon vert vurdert til å ha stor betyding for at brukaren skal gjenvinne, utvikla eller oppretthalde funksjonsnivå og hindra vidare funksjonstap.
Problemstilling
- Smerteproblematikk
- Oppfølging etter planlagde operasjonar
- Barn i barnehagealder med fotproblematikk
- Overføringsfaser der tiltak må påbegynnes raskt
- Barn/unge med lungeproblemer, aktiv fase.
- Barn/unge med akutt forverring i psykisk helse, livskvalitet og funksjonsevne
- Barn/unge med progredierende lidelser, aktiv fase
- Barn/unge med reumatiske og ortopediske lidelser, aktiv fase
- Barn/unge med nyoppdagede nevrologiske eller genetiske lidelser
- Barn/unge med akutt hjelpemiddelbehov, eller behov for tilrettelegging av omgivelsene.
- Nyopererte barn/unge
- Intensiv behandling, f.eks oppfølging etter Botoxinjeksjon eller operasjoner
Ventetid: Innan ein månad
3. prioritet
Intervensjon forventast å ha betydning for at brukaren kan oppretthalde eller utvikle/betre funksjons- og meistringsevne.
Problemstilling
- Behov for spesialbil
- Tilrettelegging av bustad
- Tilrettelegging i barnehage og skule
- Begynnende funksjonstap
- Barn/unge med langvarige psykosomatiske plager
- Førskulebarn med sein motorisk utvikling
- Førskolebarn med samansatte vanskar
Ventetid: Innan to månader
4. prioritet
Intervensjon forventast å ha betydning for brukarens funksjons- og mestringsevne. Det vurderast som fagleg forsvarleg at intervensjonen planleggjast fram i tid.
Problemstilling
- Tilrettelegging av skulemiljø
- Overvekt/fedme
- Barn i barneskulealder med forsinka motorisk utvikling
- Barn/ungemed lungeproblem i kronisk fase
- Barn/unge med progredierande sjukdom
- Barn/unge med revmatisk og ortopedisk sjukdom
- Oppstart av individuell plan
- Deltagelsesutfordringar
- Slitasje på pårørande og tenesteutøvere
- Skulebarn med fotproblematikk
Ventetid: Innan fire månader
1. Prioritet
Rask intervensjon vert vurdert til å ha særleg stor betyding for brukaren sitt funksjonsnivå, livskvalitet og lindring.
Problemstilling
- Kort forventa levetid/terminal fase
- Akutte overføringsfasar
- Brått funksjonstap og/eller akutte behov
Ventetid
Raskast mogleg, innan 2 veker.
2. Prioritet
Tidleg intervensjon vert vurdert til å ha stor betyding for at brukaren skal gjenvinna, utvikla eller oppretthalda funksjonsnivå og hindra vidare funksjonstap.
Problemstilling
- Byrjande funksjonssvikt/ progredierande sjukdomsutvikling som fører til vesentleg forverring dersom tiltak vert utsett.
- Palliasjon/lindrande behandling
Ventetid
Innan 1 mnd.
3. Prioritet
Forventa at intervensjon vil ha betyding for betra og/eller oppretthalda funksjonsnivå og livskvalitet til brukar.
Problemstilling
- Byrjande funksjonssvikt
- Kronisk sjukdom/ funksjonsproblem i fasar med forverring
Ventetid
Innan 3 mnd.
4. Prioritet
Intervensjon vert sett på som hensiktsmessig for brukar, men kan vente.
Problemstilling
- Forebyggande arbeid
- Kronisk sjukdom/ funksjonsproblem i stabil fase
Ventetid
Innan 6 mnd.
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket