Du kan søkja om følgjebevis dersom du har nedsett funksjonsevne og treng bistand til dei fleste daglege gjeremåla. Følgjekortet gjev ledsagaren din fri eller rabattert billett til kultur-, idretts- og fritidsarrangement og til offentlege transportmidlar. Du betalar ordinær billett, eventuelt honnørbillett.
Kva er følgjekort?
Følgjekortet er eit gratis og personleg tilbod. Ordninga gjev deg høve til å ha med deg følgje til aktivitetar og plassar du er hindra i å klara sjølv, grunna nedsett funksjonshemming. Hensikta er at du skal sleppa å betala for følgjet.
Vilkår
- Følgjekort vert tildelt uavhengig av søkjar sin økonomiske livssituasjon.
- Grunnlaget for vurderinga er om du i din livssituasjon er avhengig av følgje for å oppsøkja aktivitetar og opplevingar.
Søk om følgjekort
For å få følgjekort må du ha permanent adresse i Øygarden kommune og senda ein grunngjeven søknad til kommunen.
Elektronisk skjema
Vedlegg
Vi ønskjer digitalt bilete. Treng du hjelp til å få tatt bilete, kontaktar du kommunen for avtale. For å behandla søknaden treng vi uttale frå lege eller anna helsepersonell.
Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling av skjema, kontakt Innbyggjartorga eller ring 56 16 00 00.
Pris
Følgjekortet er gratis og gjeld for heile landet. Dei fleste tilbydarar viser dette med logoen for følgjebevis. Men det er opp til den enkelte arrangør å bestemma om ordninga er gjeldande, sjølv om lokalet i seg sjølv har godkjent ordninga.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist.
Saksbehandling
Søknadar vert handsama fortløpande.
Lenkjer
Sist endra 05.05.2025 11.15