Styrke intro

Eit tilbod for deg som treng motivasjon og rettleiing til å kome i gong med trening, og som har behov for fysisk aktivitet for betre helse. Enkel uthald- og styrketrening i sal med effektive øvingar. Treninga blir leia av fysioterapeut som tilpassar øvingane ved behov.

Treninga finn plass tre gonger i veka;

  • tysdagar i treningssal hos Peak Fitness på Rong senter
  • torsdagar i treningssal på Sprek og Blid Skogsvåg
  • fredagar i treningssal på Straume Terapisenter

Treningstilbodet gjer plass på trening éin av desse dagane.

Du må ha frisklivsresept for å delta på tilbodet. Fastlege/lege kan skrive ut frisklivsresept.

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med oss på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no

Pris

Treningstilbodet kostar kr. 300,- og gir deg 3 månadar med deltaking i treningsgruppa, eller kr 500,- per semester. Betaling via Vipps eller kontant betaling i resepsjonen på Straume Terapisenter når du har frisklivsresept og godkjend plass på treningstilbodet.