Styrketrening med enkle og effektive øvingar for betre styrke. Treninga varer i 1 time, men du kan ta pausar når du treng. Treninga er leia av erfarne instruktørar.
Tid | Stad
Torsdagar kl. 14:30-15:30 / Sotra Arena, inne i den store hallen
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet kan nyttast på to måtar:
- For registrerte frisklivsdeltakarar
- Har godkjend plass etter avtale
- Får oppfølging av tilsette i Friskliv og meistring
- Deltaking blir journalført og fastlege får tilbakemelding
- Får informasjon gjennom appen Spond
- Pris: Kr. 150,- per månad. Inkludert i denne prisen kan du òg delta på kondisjonstrening ute på tysdagar (gjeld ikkje drop-in). Dersom du deltek på Livsstilskurs er trening i seks månader frå kursstart inkludert i kursavgifta.
- Drop-in
- Ingen påmelding, berre møt opp
- Ingen oppfølging av Friskliv og meistring
- Ingen registrering eller påminning i Spond
- Ingen journalføring eller dialog med fastlege
- OBS! Må følge oss på sosiale medium for å få informasjon om endringar eller avlysing
- Pris: Kr. 40,- per gong. Betal via Vipps til nr 129 678, merk betalinga med «Livsstil styrke».
Ta med: handkle og drikkeflaske, evt. treningsmatte.
Sosiale medium
Følg Friskliv og meistring på sosiale medium for inspirasjon og idéar for gode kvardagar:
Kontakt
Om du er usikker på om du skal delta som frisklivsdeltakar eller drop-in kan du ta kontakt med oss.
For spørsmål kontakt oss på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no
Sist endra 20.08.2025 12.22