Leve godt med KOLS - Få betre pust og meir energi

Ønskjer du betre pust og meir energi? Ønskjer du å trene i trygge omgjevnadar, få meir kunnskap og å treffe andre i liknande situasjon? Å leve med KOLS kan føre til store endringar i kvardagen.

Målgruppe

Tilbodet er for deg som:

  • Er over 18 år og som har KOLS eller tilsvarande lungesjukdom. Du må sjå nytte av å trene og ønskje å lære meir om å leve med sjukdommen.
  • Vil trene i gruppe leia av fysioterapeut. 
  • Ønskjer å snakke med, og dele erfaringar, med andre i liknande situasjon.

Innhald

  • Trening i gruppe to ganger i veka.
  • Temasamlingar ca ein gong i månaden. Gjennomgåande tema for samlingane er korleis få best mogleg livskvalitet og fremme kvardagsmeistring.

Du må ha høve til å komme deg til/frå trening på eiga hand. Vi kan ikkje administrere medisin for deg. Det  er derfor viktig at du kan rådføre deg med lege om eventuelle justeringar av medisin i samband med treninga.

Omfang

Dette er ikkje eit kurs, du kan derfor melde deg inn når du måtte ønskje.

Medlemskapet gjev deg moglegheit for å trene i ei eiga tilrettelagt gruppe tysdagar og torsdagar, kl 11.00 -11.45, på Skogsvåg og Straume.

Pris

Kr. 350,-/mnd,  Ingen bindingstid. Det er eit årlig administrasjonsgebyr på kr 299,-. Ein månads oppseiing.

Påmelding

Innmelding skjer  direkte i kontakt med MOVA pia.ovstegard@mova.no

Har du spørsmål kan du og kontakte Friskliv og Meistring på 55 09 68 50 eller Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no   

Arrangør

Friskliv og Meistring i samarbeid med MOVA Skogsvåg og Straume.

Friskliv og meistring
E-post
Telefon 55 09 68 50

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume