Målgruppe
Gjennom Golf for alle! samarbeider Sotra golfklubb med Norges Golfforbund og Et Slag Av Gangen om å gje eit golftilbod til menneske som har fysiske eller psykiske helseproblem eller som av andre grunnar fell utanfor. Vi er også her for menneske som ønskjer å finne tilhøyr gjennom golf, eller som rett og slett berre har lyst til å prøve golf for å sjå om dette er noko for dei.
Om Golf for alle
Sotra golfklubb tilbyr eit lågterskel- og tilrettelagt golftilbod gjennom tilbodet Golf for alle! Målet vårt er å få menneske som av ulike grunnar ikkje er så aktive ut i aktivitet og inn i eit sosialt fellesskap gjennom golf, og hindre utanforskap.
Dei fleste kan spele golf og det er ein idrett ein kan starte med både tidleg eller seint i livet. Vår mål er å spe golfglede og motivere deltakarar til å kome i fysisk aktivitet samstundes som ein har det kjekt saman med andre.
Vårt mål er:
- å spre golfglede
- motivere til fysisk aktivitet
- inviterer til eit sosiale fellesskap
- ha det kjekt saman med andre
Pris
Tilbodet kostar kr. 50,- per gang som inkluderer lån av utstyr og sosial samling med enkel servering i klubbhuset etter spel på banen.
Tid | Stad
Fredagar kl. 11.00 – 13.00 | Sotra golfklubb – Pitch og put-banen, Kolltveit
Kontakt
Påmelding til Anne Britt Fanekrog på telefon 472 36 943. Påmeldingsfrist torsdagar kl. 12.00.
Arrangør
Sotra Golfklubb på Kolltveit
Om Sotra Golfklubb
Sotra Golfklubb har ca. 1 500 medlemmar i alle aldrar og held til på Sotra Golfpark AS på Kolltveit. Klubben har eit unikt sosialt miljø og arrangerar golfkurs kvar månad i sesongen.
Golfbanen består av ein 9-hols hovudbane og ein 9-hols pitch & put-bane. På pitch & put-banen kan alle spele og det er ikkje krav til medlemsskap eller golfkort. På hovudbanen er det krav til golfkort for å kunne spele. Golf Grønn Glede nyttar pitch & put-banen.
Oppå Kolltveittunellen ligg drivingrangen, ein treningsplass med utslagsmatter, stor puttinggreen og sandbunker.
Hos oss kan du delta i golfaktivitet heile året. Vi har 4 golfsimulatorar der vi speler på banar over heile verda i vintersesongen.