
Målgruppe
Kurset er for familiar som har barn i alder 8–12 år (+/-) med utfordringar innan kosthald- og levevanar, overvekt eller fedme.
Kurset er for familiar som vil:
- ta gode val i kvardagen – for heile familien
- bli meir medvitne på eigne val
- jobba med grensesetting
- finna gode alternativ til kos og påskjønning
Innhald
Tema for samlingane er:
- Kom i gang - Korleis koma i gong med endring
- Klare mål - Korleis oppnå gode vanar
- Ta kontroll - Om å setja grenser og ta ansvar for gode val og vanar
- Behovet bak følelsen - Om regulering av følelsar
- Kva viss... - Gode grunnar til å ta gode val
- Å vera til stades - Korleis eta for god helse
- Full fart - Om kvardagsaktivitet og ein kropp i bevegelse
- Smart mat for god helse - Om kva kroppen treng for å vekse og fungere som den skal
- Tankens kraft - Korleis tankane påverkar handlingane våre
- Hald ut! - Om vegen vidare – på eiga hand
Vi jobbar med desse temaa på ulike måtar, både gjennom samtale og refleksjon, praktiske øvingar og fysisk aktivitet, rørsleglede og heimeoppgåver.
Første samling er for foreldre, resten av samlingane er for både foreldre og barn. Nokre dagar er vi samla, og nokre dagar vil foreldre og barn bli delt i grupper kvar for seg.
Omfang/kursdatoar
Kurset har 8 samlingar på to timar. Det vil bli tilbod om oppfølgingssamling i etterkant av kurset.
Pris
Kurset kostar totalt kr. 600,- per familie som inkluderer kveldsmat og kursmateriell.
Påmelding
Ta kontakt med skulehelsetenesta (helsesjukepleiar/skulelege) for spørsmål og påmelding. Du kan òg kontakte Friskliv og meistring på e-post: Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 50.
Arrangør | Kurshaldarar
Friskliv og meistring
Kurskalender
Kurs- og aktivitetskalender
Fotogalleri