Tobakksfri - For å slutte å røyka eller snusa

Eit sluttekurs for deg som ønskjer å bli røyke- eller snusfri saman med andre. Ved å delta på tobakksfrikurs har du betre moglegheit for å lykkast enn dei som prøver å slutte på eiga hand. Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratet sine anbefalingar for å bli tobakksfri.

Målgruppe

Kurset er for deg over 18 år som ønskjer å slutte med røyk eller snus i lag med andre som vil bli tobakksfri.

Kurset passer for deg som ønskjer:

  • Motivasjon til å slutte
  • Dele erfaringar med andre
  • Praktiske og mentale førebuingar til å slutte
  • Effektive tiltak for å takle snus-/røykesug
  • Støtte og oppmuntring frå andre i same situasjon
  • Strategiar for å halde deg snus-/røykfri

Innhald

Dei tre første samlingane handlingar om førebuing til å slutte. Sluttedagen blir midt i kursrekka. Dei tre siste møta gir oppfølging, motivasjon og støtte til å halde seg tobakksfri.

Omfang/kursdatoar

Kurset har 7 samlinger på 1,5 time. Kurset går føre seg digitalt på Teams. 
Oppstart er onsdag 3. april 2024 kl. 14.00 - 15.30.

Kursdatoar våren 2024 er: 

  • 3. april kl. 14.00 - 15.30
  • 10. april kl. 14.00 - 15.30
  • 17. april kl. 14.00 - 15.30
  • 8. mai kl. 14.00 - 15.30
  • 15. mai kl. 14.00 - 15.30
  • 22. mai kl. 14.00 - 15.30
  • 12. juni kl. 14.00 - 15.30

Dette er ei kursrekke der kvar kursdag byggjer på ein annan kursdag. 

Pris

Gratis!

Påmelding/spørsmål

Deltaking krev påmelding. 

Meld deg på  her

For spørsmål kan du ta kontakt med Friskliv og Meistring på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no

Arrangør

Kurset er eit interkommunalt tilbod på tvers av Frisklivssentralar/Friskliv og Meistring i Vestland fylke. 

Kurskalender

Kurs- og aktivitetskalender

Friskliv og meistring
E-post
Telefon 55 09 68 50

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume