
Målgruppe
Kurset er for deg over 18 år som
- ofte (meir enn tre gonger i veka) har problem med å sovne om kvelden, vaknar for tidleg eller søv uroleg i løpet av natta
- opplev at søvnvanskane påverkar korleis du fungerer i kvardagen
- ønskjer å betre søvnkvaliteten utan bruk av medikament
Du kan forvente ei betydeleg betring av søvnen ved å delta på kurset. Resultat frå omfattande forsking viser at ikkje-medikamentell behandling har god effekt ved kronisk insomni, i alle aldrar.
Kurset passar ikkje for deg som har ubehandla søvnapné, narkolepsi, bipolar liding, schizofreni eller demens.
Innhald
Kurset bygger på sentrale element i kognitiv åtferdsterapi for insomni (KAT-i) og tek føre seg:
- Søvnrestriksjon – metode for betre søvn som hjelper deg å sovne raskare og meir samanhengande.
- Stimuluskontroll – å skape gode assosiasjonar mellom seng, soverom og søvn.
- Kognitive teknikkar – å jobbe med tankar og bekymringar som kan forstyrre søvnen.
- Søvnhygiene – korleis vanar, døgnrytme, kosthald, fysisk aktivitet og kveldsrutinar påverkar søvnen.
- Avspenning og pust – metodar for å roe ned kropp og sinn ved leggetid.
Kurset er utvikla av Helsedirektoratet. Innhald i kurset er basert på kunnskap frå Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer (sovno.no), Folkehelseinstituttet (FHI) og Nasjonal forening for kognitiv terapi.
Kva bygger kurset på?
Folkehelseinstituttet (FHI) omtalar søvnproblem som «landets mest utbreidde og undervurderte folkehelseproblem». Til tross for at over 30% av landets befolkning slit med søvnproblem, er det få lett-tilgjengelege medisinfrie behandlingstilbod, noko som fører til overmedisinering og dårleg forløp hos dei som slit med dårleg søvn.
Kurset Sov godt er basert på kognitiv åtferdsterapi for insomni (KAT-i). Dette er ein metode som har vist seg å ha betre effekt enn sovemedisin, både på kort og lang sikt. Metoden er trygg, utan biverknadar, og gir varig betring for mange.
Sov godt kurset er evaluert og har vist dokumentert positiv effekt på både søvn og psykisk helse (ntnu.no).
Omfang / kursdatoar
Kurset har 5 samlingar på 2 timar over 7 veker.
Sjå meir informasjon om kursdatoar i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagde kurs.
Pris
kr. 400,-
Påmelding
Send e-post til frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller kontakt oss på telefon 55 09 68 50.
Arrangør
Friskliv og meistring i Øygarden kommune
Kurskalender
Kurs- og aktivitetskalender
Foto: Helsedirektoratet