Smart mat - For deg som vil ta gode matval
I dagens samfunn blir vi overausa av gode kosthaldsråd. Det er lett å bli forvirra og kan vere vanskeleg å vite kven ein skal høyre på. Med kurset Smart mat vil vi bidra til mindre forvirring i jungelen av gode råd. Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratet sine kostråd. Målet er å motivere til auka merksemd om matvareval og matvanar.

Målgruppe
Kurset er for deg som ønskjer:
- Å få oppdatert kunnskap og inspirasjon til å ta gode matval.
- Å lære om små grep du kan ta som har stor effekt på helsa
- Å bli trygga i matval du tar
Innhald
Aktuelle tema i kurset er:
- Eit godt kosthald for god helse og gode liv
- smart mat: gode matval og matvanar
- Hjelpemiddel for å ta gode val
- Korleis ta gode val i butikken og bli tryggare i kva du skal sjå etter
- Praktiske eksempler og demonstrasjonar
Omfang/kursdatoar
Kurset har éin samling på tre timar.
Sjå informasjon om neste kurs i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagde kurs. Det kan vere mogleg å setje seg på liste for neste kurs sjølv om kursdato ikkje er annonsert.
Pris
Kurset kostar kr 100,- og inkluderer kursmateriell og enkel servering.
Påmelding
Du kan melde deg på direkte til Friskliv og meistring på e-post Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller på telefon 55 09 68 50.
Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post.
Arrangør
Friskliv og meistring.
Kurskalender
Kurs- og aktivitetskalender
Publisert 24.02.2026 10.51