Sjølvhjelpsgrupper

Ei  sjølvhjelpsgruppe er ei gruppe med menneske som møtast jamleg for å dele erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre, og oppdage at ein ikkje er åleine om å oppleve vanskar.

Gruppene passar for deg som lever med sjukdom, er i ein vanskeleg livssituasjon, eller har deltatt på kurs og ynskjer vidare støtte til å jobbe med endringane ein vil oppnå.

Du treng ikkje ei diagnose eller tilvising for å delta, men bør vere open for å dele eigne erfaringar med andre. Ofte finn den enkelte gradvis kva som skal til for å få det betre, og finn støtte i perspektiva til andre deltakarar.

Målgruppe

Gruppene er for deg som:

  • ønskjer vidare støtte etter å ha deltatt på eit kurs
  • opplever at det er tungt å stå aleine i krevjande prosessar
  • ønskjer å delta i eit fellesskap med andre
  • ønskjer å få og gi støtte
  • ønskjer å få nye perspektiv
  • ønskjer å bli betre på å sette rammer for eige liv

Innhald

Ei sjølvhjelpsgruppe består av 5 til 8 deltakarar og varer ofte i 2 timar. I starten vil ein erfaren igangsetjar delta for å hjelpe gruppa med å forstå rammer og prinsipp for ei vellukka gruppe og bidra med si erfaring. Etter ei tid tar gruppa sjølv over i fellesskap.

Vi ønskjer å legge til rette for grupper lokalt i Øygarden. Om du av ulike årsaker ønskjer å delta i ei gruppe i ei av nabokommunane er det mogleg.

Du kan lese meir om sjølvhjelpsgrupper her:

Omfang

Ei sjølvhjelpsgruppe er ikkje eit tidsavgrensa tilbod, og består så lenge deltakarane sjølv ønskjer det. Kor ofte ein treffast er også noko ein blir einige om i kvar gruppe, men mest vanleg vil vera ei gong i veka eller annankvar veke.

Pris

Gratis

Påmelding

For spørsmål og påmelding kontakt Link Bergen på telefon 91 90 90 51 eller send e-post til info@linkbergen.no.

Eller kontakt Friskliv og meistring på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no

Arrangør

Selvhjelp Norge/Link Bergen