
Ein vil få råd om korleis møte ulike utfordringar som til dømes barn med uønskt vektoppgang, kresne barn, barn som et lite, og barn som har utfordringar med regulering av matinntak.
Målgruppe
Kurset er for foreldre som har barn i barnehage- og barneskulealder.
Mål for kurset:
- Fremme gode matval og måltidsvanar i familien
- Bli tryggare kring måltidssituasjonar og grensesetting
- Få kunnskap om samanhengen mellom mat og følelsar
- Bli bevisst eige og barna sitt forhald til mat
Innhald
Kurset går over to samlingar med følgjande tema:
- Smart mat for familien
- Mat er meir enn ernæring
- Mat og barnet si utvikling
- Tips og triks for å fremme gode måltidsvanar
Omfang/kursdatoar
Kurset vert halde 1-2 gonger i halvåret og går over to samlingar. Kvar samling varar i 2 timar.
Informasjon om kursdatoar vert sendt ut til foreldre gjennom informasjonskanalar i barnehage og barneskule. Sjå kurskalenderen for oversikt over planlagde kurs.
Pris
Kurset er gratis, men krev påmelding grunna avgrensa tal på plassar.
Påmelding
Send e-post til: frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no
Send namn og mobilnummer til deltakar, samt alder på deltakar sine barn.
Påmelding krev deltaking begge kursdagar då samlingane byggjer på kvarandre.
Arrangør
Kurset vert halde i samarbeid mellom Friskliv og Meistring, helsesjukepleiar og kommunepsykolog for barn og unge i Øygarden kommune.
Kurskalender
Kurs- og aktivitetskalender