
Målgruppe
Kurset er for deg som treng eit forenkla og meir praktisk retta kurs enn våre andre kurstilbod. Det er eit kurs for deg som treng tilrettelegging i form av eit tydeleg språk og visuelle eksempel for å betre forstå kva som er gode matval. Det kan til dømes vera for deg som har lærevanskar eller kognitive utfordringar.
Vi oppfordrar deg til å ta med ein fritidskontakt, kontaktperson i kommunen eller ein pårørande på kurs der dette er aktuelt. Vi vil vera i dialog med deg om dette.
Kurset er for deg som ønskjer:
- Kunnskap om kva mat og matvanar som er bra for kroppen
- Inspirasjon og verktøy til å ta gode matval for betre helse
- Å bli betre på å planlegge innkjøp av mat for å spare tid og pengar
- Eit praktisk retta kurs med felles matlaging
Deltakarar må ønskja – og vera motivert til å gjera endringar i kosthaldet.
Dersom du er usikker på om dette er eit kurs for deg kan du gjerne ta kontakt, så finn vi ut av det i lag.
Innhald
Kurset har fire samlingar med ulike tema:
- Smart mat for god helse
- Er det «eitt feitt»?
- Det søte liv
- Planlegging og økonomi
Omfang/kursdatoar
Kurset har fire samlingar på 2,5 timar.
Sjå meir informasjon om samlingane i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagte kurs.
Pris
Kurset kostar kr. 300,- som inkluderer lunsj på alle kursdagane, og kursmateriell.
Påmelding
For spørsmål og påmelding kontakt Friskliv og meistring på telefon 55 09 68 50, eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no
Vi har eit samarbeid med ADL-teamet og MMNF i kommunen om rekruttering til kurs. Deltakarar kan og bli tilvist frå fastlege eller andre instansar i kommunen.
Arrangør
Friskliv og meistring