MB-programmet - Medarbeidarar med brukarerfaring (ALF)

MB-programmet kvalifiserer deltakarar til å arbeida som hjelparar i tverrfagleg rehabiliteringsarbeid innan fagfeltet psykisk helse og rusomsorg. Deltakarane lærer å nytta eigne erfaringar som kompetanse, med utgangspunkt i kunnskap om eigen tilfriskningsprosess.

MB-programmet går over 12 månader og svarer til 50 % stilling. Programmet består av teori, praksis og prosjektoppgåve.

Tema

Tema er mellom anna MB-rollen, brukarmedverknad, tilfriskning, kommunikasjon, stressmestring, og miljøarbeid. Foreleserne er innleidd frå fagmiljø innan psykisk helse.

Praksisperiode

Praksisperiodane er på 20 veker fordelte på to periodar. Aktuelle praksisplassar kan vera ved psykiatriske dagtilbud, rusomsorg- og rehabiliteringssenter, DPS, bofellesskap i kommunar og i Helse Bergen.

Programmet blir avslutta med innlevering av prosjektoppgåve. Formålet med oppgåva er å få auka medvit rundt utøvinga av eigen MB-rolle.

Tal plassar

20 plassar – årleg opptak i april

Nettside

På nettsida ALF finn du meir informasjon