Kurs våren 2026
Denne våren blir det pårørandekurs på Knappskog skule.
Kursprogram
- 4. mars kl. 17.30-20.30: Sjukdomslære og endring i åtferd
- 11. mars kl. 17.30-20.30: Kommunikasjon og samhandling
- 18. mars kl. 17.30-20.30: Lov og rett og pårørandeforteljing
- 25. mars kl. 17.30-20.30: Forvaltning, hjelpemiddel og velferdsteknologi, ventesorg
Det blir gruppesamtale etter føredraga.
Kursavgift kr 400, inkludert kursmateriell og servering for alle fire kveldane.
Fakturakursavgift vert sendt ut etter kurset er gjennomført.
Nærare opplysningar og påmelding:
Bindande påmelding innan 27. februar 2026
Arrangørar er Askøy kommune, Øygarden kommune, Nasjonalforeningen for folkehelse og Demensforeininga Fjell, Sund og Øygarden.
Samtalegruppe - ein møteplass for pårørande
Denne våren tilbyr Øygarden kommune samtalegruppe i samarbeid med ConnectDem, ei ideell verksemd med eit relasjonsbasert program for pårørande ved demens. Gjennom undervisning om ulike tema og reflekterande samtalar set vi søkelyset på det å leva i ei uviss livssituasjon.
Saman utforskar vi nye perspektiv på tema som:
- Samvit og frustrasjon
- Usikkerheit og bekymringar
- Identitet og roller
- Vanskelege val og dilemma
- Savn og lengsel
Dato | Tid | Stad
Oppstart tysdag 14. oktober kl. 18.00 - 19.30 | Øygarden lokalmedisinske senter, kurslokale 2. etasje
Pris
Uforpliktande og kostnadsfritt dei første to gongene.
Eigendel: 250,- for heile programmet.
Ta kontakt for spørsmål og påmelding:
Alexandra Vik
Telefon: 909 59 396
E-post: alexandra@connectdem.no
Nettside: www.connectdem.no

Hege Tveit
Telefon: 911 14 110
E-post: hege.tveit@oygarden.kommune.no
Les brosjyre her (PDF, 243 kB) (pdf).
Nyttige lenkjer