Språkkafé for innvandrararLytt til tekstenStopp avspillingVelkomen til Språkkafé på Straume bibliotek. Ein sosial møteplass for innvandrarar som ønskjer å praktisera norsk munnleg. Vi serverar kaffi og te.Språkkafé på innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter.Tid | StadSpråkkafé er kvar onsdag i skuleveker kl. 13.00 - 14.30 på Straume bibliotek på Sartor Storsenter.SamarbeidSpråkkafé er eit tett samarbeid mellom Øygarden frivilligsentral, Øygardsbiblioteka og Integrerings- og læringssenteret. Her møtast vi kvar veke for uhøgtideleg prat og språktrening. Biblioteket har lokale og gjer klart bord og stolar og frivilligsentralen har kontakt med dei frivillige. For nokre av deltakarane er språkkafé ein del av timeplanen når dei går på norskopplæring, mens andre er med fordi dei ønskjer å praktisera norsk og møte nordmenn. Tilbodet er gratis og open for alle!Bli frivilligTilbodet er veldig populært og vi ønskjer oss fleire dyktige frivillige som ønskjer å vera snakkepartnar! Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera med? Alle som snakkar norsk kan bidra! Er du innvandrar og ønskjer å øva norsk er du også velkomen!På nettsida frivillig.no finn du meir informasjon og påmelding. Du kan også ta kontakt med frivilligsentralen på e-post frivillig@oygarden.kommune.no eller telefon 480 36 989.Fotogalleri Foto: Farshid Amini, Øygarden kommune