Seniortrim i Hjeltefjorden Arena
Kvar torsdag kan du velja mellom ulike aktivitetar i Hjeltefjorden Arena.
Aktivitetar
Du vel sjølv kva du vil vera med på frå gong til gong.
10.30 – 11.30
- Trim i sal ved Else Gjøen Madsen og Ramona Hellesund
- Balansetrening i speilsal ved fysioterapeut
11.30 - 12.00
- Sosialt treff med ei kopp kaffi i caféen.
Tilleggsinformasjon
- Ta på klede som er lette og bevege seg i. Det er mogeleg å nytta garderobe.
- Dei som skal vera med Ramona og Else på trim i sal, bør ta med eige matte og strikk.
- Dei som skal vera med på balansetrening treng strikk. Dette kan du kjøpa i butikkar som sel dette, og velja ønska styrke/motstand.
- Styrkerommet er stengd under treninga.
- Treninga er på eige ansvar.
Dato | Tid | Stad
I kalenderarrangementet finn du oversikt over datoar
Pris
Dette er eit gratistilbod drive av frivillige. Alle er hjarteleg velkomne!
Informasjon om tilbodet
Det vert gjeve informasjon frå kl. 10.10 ved inngangen.
Kontakt
Ramona Hellesund på telefon 954 05 932 eller Else Gjøen Madsen på 901 78 577.
Facebook
Følg Seniortrim Hjeltefjorden Arena på Facebook
Fotogalleri
Dokument
Sist endra 16.10.2024 08.11