Kva tilbyr vi?
Ein omsorgsbustad er ein fysisk tilrettelagt bustad for personar med behov for ulike grader av oppfølging, pleie og omsorg.
Dersom du får tildelt omsorgbustad, må du i tillegg søkja på helse- og omsorgstenester avhengig av hjelpebehovet ditt.
Kven kan få tilbodet?
Personar med omfattande behov for oppfølgning, pleie og omsorg og som tilhøyrer desse gruppene:
- eldre personar
- personar med psykisk og fysisk funksjonshemming
- personar med alvorlig psykisk liding eller dobbeltdiagnose psykisk liding og rus
Korleis få tilbodet?
I søknadsskjema skriv du kva du søkjer.
Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.
Digital søknad
Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:
Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Søknadsskjema på papir
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Pris
Du betalar husleige etter kommunale satsar. Det er varierande leigepris på kommunale bustader. Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.
Personar som bur i omsorgbustad kan søkja om bustønad
Kva skjer vidare?
Dersom søknaden din vert godkjend, vert du sett på venteliste til omsorgsbustad. Kommunen har ofte fleire bustadsøkjarar enn det er ledige bustader. Det kan difor vera noko ventetid for å få tildelt bustad.