Husvære
Dersom du har ein bustad som kan vera aktuell, kan du melda den inn her.
Innmeldingsskjema for husvære til utleige
For å sikra raskast mogleg busetjing av ukrainarar, er det no mest behov for å leiga møblerte husvære med plass til to til fire personar.
Øygarden bustadforvaltning KF vil kontakta deg dersom husværet ditt vert vurdert som aktuelt for leige. Du står sjølvsagt fritt til å leiga ut til andre personar all den tid du ikkje har høyrt frå oss.
Møblar
Vi tek også imot gode møblar som du vil eller kan donera bort som sofa, bord, stolar, barneseng, kommodar, gode og fine senger, lampar og fjernsyn.
Vi har lokale på Telavåg skule, der møblar og andre ting kan leverast og lagrast. Kontakt Øygarden bustadforvaltning KF på e-post: obu.kf@oygarden.kommune.no Send gjerne med bilete om det lar seg gjera.
Er det umogeleg for deg å levera, ordnar vi henting.