Påleggs- eller utleggstrekk kan bli gjort i inntekta di, jf. dekningslova. Det vil sei at dei du skuldar pengar kan leggja inn trekk i inntekta di, for å få tilbakebetalt det du skuldar. Dei instansene som kan leggja inn trekk er: Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav (tidlegare NAV Innkreving - krev inn bidragsgjeld, feilutbetalte trygdeytingar etc., Statens Innkrevingssentral - krev inn bøter, erstatningskrav, studielån etc., Skatteetaten - krev inn ubetalt skatt, moms, parkeringsbøter etc. og Namsmannen - krev inn inkassokrav.
Om du har fått trekk i inntekta di er det viktig å laga eit budsjett med inntekter og buutgifter. Ei oversikt over gjeldande livsopphaldssatsar og for samvær finn du i punkt 4, livsoppholdssatser. Du skal, jf. dekningslova ha pengar til nødvendig livsopphald både for deg sjølv og personar du har forsørgaransvar for og rimelege buutgifter.
Om det du får utbetalt, med fråtrekk av husleige/bustadlån, er lågare enn dei gjeldande livsopphaldssatsane kan du søkja om å få redusert/stoppa lønnstrekk.
Det er viktig at du legg ved dokumentasjon på inntekter, buutgifter i tillegg til eventuelt forsørgeransvar eller samvær med barn og andre nødvendige livsopphaldsutgifter (behov for bil, høge utgifter til fast medisin, behandling etc.).
- For å søkja om endring av trekk ilagt av Namsmannen kan du logga deg inn med bank-id på politiet.no.
- For å søkja om endring av trekk ilagt av Skatteetaten kan du logga inn med bank-id på skatteetaten.no.
- For å søkja om endring av trekk ilagt av Statens innkrevingssentral kan du logga inn med bank-id på sismo.no.
- For å søkja om endring av trekk ilagt av Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav (tidlegare NAV Innkreving) kan du logga inn med bank-id på altinn.no.
Dersom du søkjer om stopp/reduksjon av bidragstrekk ilagt av Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav (tidlegare NAV Innkreving) er det viktig at det samstundes vert søkt om endring av fastsetting av bidrag.
Gjeldande søknadsskjema er NAV 54-00.08 (velg skjema for bidragsplikt). Har du fleire barnekull, må det fyllast ut eit skjema for kvart kull. Skjema for tilleggsopplysningar NAV 54-00.15 må også fyllast ut.
Du finn skjema og meir informasjon på www.nav.no.