JobbsjansenLytt til tekstenStopp avspillingJobbsjansen kan vera noko for deg om du er i alderen 18-55 år, har innvandrarbakgrunn, er heimeverande og ikkje deltek i andre ordningar. Kven er vi? Jobbsjansen er eit samarbeid mellom Integrerings-og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og Øygarden kommune. Vi kartlegg kvalifikasjonane til deltakarane, evner og ønske, og hjelp dei vidare til jobb eller utdanning. Deltakarane får opplæring etter behov og hjelp til å koma seg ut i arbeidslivet eller utdanning. Målgruppe Heimeverande kvinner med innvandrarbakgrunn: i alderen 18-55 år. med behov for grunnleggjande kvalifisering, som ikkje har tilknyting til arbeidslivet. som ikkje har rett på introduksjonsprogram, kvalifiseringsprogram eller andre ordningar. som ikkje er mottakarar av sosialhjelp. Prioritert målgruppe er kvinner som: er familiegjenforente. er gift med norsk eller nordisk statsborgar. er gift/sambuar med arbeidsinnvandrer, som ønskjer å bu og jobba i Noreg. mottek overgangsstønad. Kva kan vi tilby deg? Løn tilsvarande 1G (for tida 8.446 kroner per månad) Fast kontaktperson Individuelt tilpassa heiltidsprogram Råd og rettleiing Arbeidspraksis Språktrening Sosialt nettverk Opplæring i å skriva CV og jobbsøknad Sist endra27.10.2020 08.01