Vedtekter for barnehagar

4 Opptak

4.1 Opptaksmynde

Barnehagemynde har ansvar for at hovudopptak vert gjennomført kvart år ved samordna opptak, med søknadsfrist 1. mars. Styrar i den einskilde barnehage har opptaksmynde etter delegasjon frå kommunedirektør. Hovudopptaket gjeld barn med rett til plass etter barnehagelova §16. Barn som fyller eit år i løpet av august det året det vert søkt om barnehageplass, har rett på eit tilbod om plass frå august. Barn som fyller eit år i løpet av september, oktober og november det året det vert søkt om barnehageplass, har rett på tilbod om plass innan den månaden barnet fyller eit år. Supplerande opptak går føre seg heile året når det er ledige plassar.

4.2 Opptakskriterium

Barnehageplass skal forttrinnsvis verta tildelt barn som er busett i Øygarden kommune. Barn må vera 10 mnd før dei kan byrja i barnehagen.

4.3 Prioritering ved opptak

  1. Barn med nedsett funksjonsevne skal ha rett til prioritet ved opptak, jf. Lov om barnehagar §13)
    Krav til dokumentasjon: Skriftleg sakkunnig vurdering frå lege, PPT eller andre sosiale- og medisinske instansar.
    Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd skal ha prioritet.
    Krav til dokumentasjon: Skriftleg vedlegg frå barneverntenesta.
     
  2. Barn i ein vanskeleg livssituasjon grunna sjukdom, sosiale vanskar, eller som av andre grunnar har særlege behov.
    Krav til dokumentasjon: Skriftleg vurdering frå lege eller andre sakkunnige instansar.
     
  3. Minoritets- og fleirspråklege barn, der begge foreldre har anna morsmål enn norsk, dansk og svensk.
     
  4. Barn med søsken som har barnehageplass i same barnehage.
     
  5. Rekrutteringstiltak for kommunale stillingar dersom det kjem fram av utlysingsteksten.

Når opptakskriteria er teken omsyn til vert barna prioritert etter denne rekkefølga:

  • a) Alder, dei eldste barna har prioritet framføre yngre barn.
  • b) Søknadsdato.

4.4 Oppseiing og endring av barnehageplass

  • Barn med plass i kommunal barnehage må søkja på nytt dersom dei ønskjer plass i ein annan barnehage, med unnatak for dei som står på venteliste for plass på høgare prioritering.
  • Plass som er tildelt, kan behaldast til barnet byrjar på skulen eller til foreldra sjølv seier han opp.
  • Oppseiing av plassen vert gjort digitalt her. Reglane for oppseiing og betaling gjeld frå foreldra stadfestar at dei tek imot barnehageplassen. Gjensidig oppseiingsfrist er 1 månad, rekna frå den 1. i kvar mnd. Dersom plassen vert sagt opp etter 1. april eller barnet sluttar etter 1. mai, må ein betala ut barnehageåret, som er 14. august. Juli er betalingsfri månad.

4.5 Permisjon frå barnehageplass

Det er høve til å søkja om permisjon eller utsett oppstart av barnehageplass for minimum 3 månader og maksimum 12 månader. Kriteria for betalingsfri permisjon er at barnehagen har søkjarar som kan nytta plassen i permisjonstida. Frist for å søkja permisjon er den same som ved oppseiing av plass. Oppstart når permisjonen er over kan skje når det er ledig plass i barnehagen. Ved permisjonar som avvik frå barnehageåret, kan det bety at det ikkje er ledig plass når permisjonstida er over. I desse tilfella kan det skje at ein får tilbod om plass ein periode før eller etter at permisjonstida er over, eller eventuelt i ein annan barnehage.

Ved alvorleg sjukdom hos barn, der barn ikkje kan nytta barnehageplassen over ein lengre periode, kan ein søkja om betalingsfri permisjon etter samtale med styrar. Fråværet må dokumenterast.