Søknad om mellombels dispensasjon frå utdanningskravet

Etter barnehagelova § 28 og forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 3 kan kommunen som lokal barnehagemynde innvilga mellombels dispensasjon frå utdanningskravet for pedagogisk leiar når det ikkje har meldt seg kvalifiserte søkjarar til stillinga.

Dispensasjon kan berre innvilgast etter ei konkret og individuell vurdering. 

For at søknaden skal kunna behandlast og vurderast, må barnehagen ha gjort greie for og dokumentert følgjande punkt:

Vilkår for behandling av søknaden

1. Stillinga må vera lyst ut offentleg

Barnehagen må dokumentera at det er gjort reelle forsøk på å rekruttera kvalifisert personale. Stillinga skal vera lyst ut på relevante plattformer, til dømes Finn.no, NAV eller kommunen sine nettsider. Kopi av stillingsutlysinga skal leggjast ved søknaden.

2. Ingen kvalifiserte søkjarar har meldt seg

Barnehagen må stadfesta at det ikkje har meldt seg kvalifiserte søkjarar til stillinga, eller at kvalifiserte søkjarar har takka nei til stillinga eller trekt søknaden før tilsetjing. Anonymisert søkjarliste skal leggjast ved.

3. Samarbeidsutvalet skal vera orientert

Før søknaden vert sendt inn, skal barnehagen sitt samarbeidsutval (SU) vera orientert om at det vert søkt om dispensasjon frå utdanningskravet. Barnehagen skal leggja ved dokumentasjon som viser at ein er orientert, til dømes referat frå møte eller anna skriftleg stadfesting..

Vurdering av forsvarleg pedagogisk verksemd

Barnehagelova stiller krav om at dispensasjon berre kan innvilgast dersom barnehagen kan sikra ei forsvarleg pedagogisk verksemd i dispensasjonsperioden. Barnehagemynden gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknaden basert på mellom anna følgjande forhold:

1. Kandidaten sin kompetanse og eignaheit

Det vert lagt vekt på kandidaten si utdanning, kompetanse og erfaring. Relevant vurderingsgrunnlag kan vera påbegynt barnehagelærarutdanning, annan pedagogisk høgare utdanning eller lang og relevant erfaring frå arbeid med barn.

2. Den samla pedagogiske bemanninga

Barnehagemynden vurderer bemanningssituasjonen på den aktuelle avdelinga og i barnehagen elles. Ei avdeling med fleire ufaglærte tilsette eller andre dispensasjonar vil kunna vera meir sårbar.

3. Barnegruppa sine behov

Det vert gjort ei vurdering av barnegruppa si samansetjing og behov, herunder om det er forhold som krev særleg pedagogisk kompetanse og oppfølging. Det skal alltid vera lagt til grunn ei vurdering av barnet sitt beste.

4. Plan for rettleiing og oppfølging

Når kandidaten ikkje oppfyller utdanningskravet, må barnehagen beskriva korleis kandidaten skal få nødvendig rettleiing og fagleg støtte. Det skal leggjast ved ein forpliktande plan som viser korleis styrar eller annan utdanna barnehagelærar vil følgja opp kandidaten i arbeidet med rammeplanen og det pedagogiske innhaldet.

Søknadsskjema

Søknad om mellombels dispensasjon frå utdanningskravet for pedagogisk leiar