Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?

I samarbeid med heimen skal barnehagen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og framja læring og danning som gir grunnlag for allsidig utvikling. Dersom du ikkje er nøgd med barnehagetilbodet, kan du klaga.

Kort forklart

Slik klagar du:

  1. Ta først forholdet direkte opp med leiinga i barnehagen. Dette kan vera pedagogisk leiar, styrar eller barnehageeigar. Det er styrar og eigar som har ansvar for tilbodet og for samarbeidet med foreldra.
  2. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval med representantar frå foreldre og tilsette. Gjeld det generelle forhold i barnehagen, kan du óg ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval.
  3. Ønskjer du å gå vidare med klagen eller bekymringa di, kan du ta kontakt med Øygarden kommune. 

Har du spørsmål du ønskjer å drøfta, kan du óg kontakta oss på e-post barnehagemynde@oygarden.kommune.no. Ikkje skriv sensitiv informasjon i e-posten. 

Om du ikkje er nøgd med tilbodet må du først ta dette opp med pedagogisk leiar og/eller styrar i barnehagen. Det er leiinga i barnehagen som er ansvarleg for barnehagetilbodet, og som skal samarbeida med alle foreldra/føresette.

Generelle forhold kan du ta opp med barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval, beståande av representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen, og evnt barnehageeigar.

Døme på tema som kan vera bakgrunn for klage:

  • Manglande pedagogisk innhald
  • Vanskeleg samarbeid med barnehagen
  • Stor utskifting av personale over tid
  • Manglande informasjon om barnet ditt
  • Uheldig samspel mellom barn

Dersom saka ikkje vert løyst i barnehagen, kan forhold som er regulert av barnehagelova rettast til kommunen sin barnehagemynde. Det er barnehagemynden som skal sjå til barnehagane følgjer barnehagelova med forskrifter.

Bruk klageskjema når du skal klaga på barnehagen:

Klageskjema

Kva skjer med klagen?

Når barnehagemynden mottar klage/bekymring, vert det først vurdert om innhaldet er omfatta av barnehagelova med forskrifter. Saksgang følgjer Forvaltningslova sine prinsipp.

Er det slik at klagen inneheld opplysningar som er underlagt taushetsplikt, vil saka verta unnateke offentlegheita. Dette hindrer ikkje at saka kan komma i media, men all sensitiv informasjon vert fjerna. 

Innhaldet i klagen vert formidla til barnehagen når barnehagemynden undersøkjer saka. Du kan be om å vera anonym, men det skal svært mykje til for at ikkje barnehagen får innsyn i saka dersom dei ber om det.

I saker der det vert opna tilsyn, mottar barnehagen ein rapport. Dersom det er avdekka brot på barnehagelova og forskrifter, vil barnehagen få varsel om pålegg om retting. Du som klagar vert orientert om utfallet av saka. 

Opplever du at klagen ikkje vert møtt av barnehagemynden i kommunen er det Statsforvaltaren i Vestland som er siste klageinstans.