Endring i eigarforhold - barnehage

Planlegg du å overta drifta av ein eksisterande barnehage, bør du kontakta kommunen v/barnehagemynde i forkant for å få informasjon og rettleiing.

Ny eigar kan i enkelte tilfelle driva vidare på eksisterande tilskotsavtale for den konkrete barnehagen. Ved endring i areal og auke i barnetal må det søkast på ny om kommunalt tilskot og ny godkjenning (sjå meir informasjon nedanfor).

Når ein privat barnehage skifter eigar må den nye eigaren melda frå via eit eige skjema hos Utdanningsdirektoratet: Meldeplikt for private barnehager | udir.no

I skjemaet skal det opplysast om kva endringar som er gjort og tidspunkt for endringa. Både kommunen og Utdanningsdirektoratet vil motta skjemaet og vil etterspørje fleire opplysningar dersom behov.

Godkjenning av barnehagar

Dersom eit eigarskifte utløyser behov for ny godkjenning etter barnehagelova § 14, må søknad sendast seinast to månader før barnehagen planlegg å starta opp. Kontakt kommunen sin barnehagemynde for informasjon om søknadsprosess, sjå kontaktopplysningar nedanfor.
Kommunen sin barnehagemynde er gitt eit særskilt ansvar for å rettleia søkaren i godkjenningsprosessen for å sjå til at søknaden inneheld tilstrekkeleg informasjon.

Helseverngodkjenning av barnehagar

Ein barnehage skal også ha godkjenning etter Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger» kapittel 3, Lovdata. 

For å bli godkjent må barnehagen etablerast, byggast og drivast i samsvar med forskrifta.

Her finn du informasjon om helseverngodkjenning: Bergen kommune - Helseverngodkjenning av barnehager og skoler.

Kontaktopplysningar

Post:

Øygarden kommune
Att: barnehagemynde
Postboks 33
5331 Rong

E-post: 

barnehagemynde@oygarden.kommune.no 

eDialog – sikker epost:

eDialog - send post på ein sikker måte

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte