Open barnehage er eit gratis barnehagetilbod til deg som er heime på dagtid med barn under skulealder.

Det er ingen påmelding. Ein kan kome og gå som det passar ein best, innanfor våre opningstider.
Målgruppe
Barn i barnehagealder saman med omsorgsperson.
Aktivitetar
- Leik
- Samlingsstund
- Felles lunsj
- Aktivitetar
- Turar
- Babysong
Vi arbeider for at barnehagen skal vera
- ein stad der alle barn og vaksne er inkludert i eit fellesskap
- ein stad som gjer barn tryggleik og eit stimulerande og utviklande leikemiljø
- ein stad der omsorgspersonar kan få støtte og rettleiing
Våre mål
Å vera ein inkluderande, nettverksskapande og pedagogisk barnehage der alle er velkommen!
Avdelingar og dagar
- Fjell (Fjellavegen 259): måndag, tysdag og onsdag
- Straume (Sartorvegen 8): onsdag, torsdag og fredag
- Landro (Landrovegen 250): måndag, onsdag og torsdag
På nettsida til KFUM KFUK finn du meir informasjon om open barnehage.
Sist endra 12.03.2025 14.37