Vi tilbyr sårbare gravide og foreldre individuell oppfølging med rettleiing og hyppige konsultasjonar gjennom svangerskapet og i sped- og småbornsperioden ved behov.
Trygg start er eit team som er samansett av jordmor, helsesjukepleiar, familierettleiar, spesialsjukepleiar, ein representant frå NAV og ein representant frå barnevernet.
Målgruppe
Gravide, sped- og småbarnsforeldre som:
- ønskjer tettare oppfølging og rettleiing
- som slit med utfordringar knytt til rus/er i LAR
- som har psykiske utfordringar/vanskar
- er i ein sårbar situasjon
Tiltak
Trygg start gjev konsultasjon og losar vidare i hjelpeapparatet for rett tiltak til rett tid.
Korleis få hjelp?
Du kan sjølv kontakta oss på telefon 56 16 03 00. Legen din, familie, nettverk og samarbeidspartnarar kan også kontakta oss.
Trygg start er å treffa på alle helsestasjonar i Øygarden kommune på dagtid.
Sist endra 15.05.2025 14.09