Tidleg inn – vi spør fordi vi bryr oss

Øygarden kommune er med i Tidleg inn, eit nasjonalt program som mellom andre Helsedirektoratet har utvikla. Målet er at familiar skal få støtte og hjelp så tidleg som mogleg.

I Tidleg inn har vi faste rutinar for å snakka med alle om tema som:

  • rusmiddelbruk
  • psykisk helse
  • vald og overgrep

Vi tek opp desse tema ved mellom anna:

  • helsestasjonane
  • jordmortenesta
  • andre tenester som møter gravide, blivande foreldre og foreldre til små barn

Kvifor spør vi alle?

Vi veit at mange synest det er vanskeleg å prata om rus, psykisk helse eller vald. Når vi spør alle, blir det enklare å snakka om det som kan vere sårbart. Når spørsmåla kjem som ein naturleg del av oppfølginga, er det ingen som blir peika ut.
Vi spør fordi vi ønskjer at du og familien din skal ha det trygt og godt.

Tryggleik og tidleg støtte

Målet med Tidleg inn er at innbyggjarane skal kjenna seg trygge nok til å snakka ope om utfordringar – både store og små. Dersom du deler noko som er vanskeleg, vil vi saman med deg finna fram til kva støtte som kan vere nyttig.
Ofte er det nok med god rettleiing frå tenesta du allereie er i kontakt med. Dersom du treng meir oppfølging, hjelper vi deg vidare til andre tenester som kan bidra.

Saman for ein god start

Å bli forelder – og å vere forelder – kan vere både fint og krevjande. Når vi snakkar opent om rus, psykisk helse og vald, ønskjer vi å bidra til:

  • trygge foreldre
  • trygge barn
  • tidleg hjelp når det trengst

Har du spørsmål om Tidleg inn eller om korleis vi arbeider, er du velkomen til å ta kontakt med tenesta du møter.

Nyttige lenkjer