Sammen på vei

"Sammen på vei" er eit tiltak som frå januar 2022 skal tilby tett oppfølging til sårbare fyrstegangsfødande. Ein fast familiesjukepleiar kjem på hyppig heimebesøk frå tidleg i svangerskapet og fram til barnet er to år.

Kva går tilbodet ut på?

 

Logoen til Sammen på vei - Klikk for stort bilete

Tilbodet er retta mot sårbare fyrstegongsfødande og deltaking er frivillig. Det kan for eksempel vera mødre som sjølv har opplevd omsorgssvikt, som har eigen erfaring med barnevernstenesta, som har psykiske vanskar eller som lever i et konfliktfyld forhold. Oppfølginga baserer seg på kjerneelement i programmet, men vert tilpassa behova til kvar enkelt familie. Programmet har som hovudprinsipp å styrkja foreldra sine evner til å beskytta og gjera det beste for barna sine. Meir spesifikt er målet for programmet å:

 

  • Sikra sunne svangerskap
  • Fremja barn si helse og utvikling
  • Betra foreldre si helse og framtidige livssituasjon

Om programmet

Slik kan du delta

Dersom du ønskjer å delta, eller kjenner nokon som vil det, kan du kontakta teamleiar for Bergen og omegn, Elin Kråkenes på telefon 408 01 611.

Du kan også ringja til helsestasjonane i kommunen eller ta opp ønske om tilbodet med jordmor eller fastlege på telefon 56 16 03 00

  • Tast 1 for Straume helsestasjon
  • Tast 2 for Ågotnes helsestasjon
  • Tast 3 for Sund helsestasjon
  • Tast 4 for Rong helsestasjon
Helsestasjon
Telefon 56 16 03 00


Telefontid
Måndag til fredag: 08.30-11.15 
og 12.30-13.30.

Adresse

Straume helsestasjon
Blombakkane 2
5354 Straume

Ågotnes helsestasjon
Skjergardsvegen 1376
5363 Ågotnes

Sund helsestasjon
Helsehuset
5382 Skogsvåg

Rong helsestasjon
Ternholmvegen 2
5337 Rong