Trygg Start er eit forsterka helsestasjonstilbod til sårbare gravide og foreldre.
Det består av helsesjukepleiarar, jordmor, psykolog og leiar.
- Jordmor kan gje tettare oppfølging i svangerskapet og samtaler kring det å verte foreldre.
- Psykolog kan ha samtaler med rettleiing og behandling av lettere psykiske plager
- Helsesjukepleiar kan kome på fleire heimebesøk, ha hyppigare konsultasjoner og gje rettleiing om samspill og barnets behov.
Det vert vurdert i kvart einskild tilfelle kva ein får tilbod om. Tilbodet varar vanlegvis til barnet er 2 år.
Trygg Start har jamleg samarbeidsmøte med representant frå NAV, barnevernet, Familiehjelpa og BUP-spedbarnsteam. Dei kan gje rettleiing og råd dersom ein har behov for fleire kommunale hjelpetiltak. Ved drøfting av konkrete saker vil det bli bedt om samtykke til dette på førehand.
Korleis få hjelp?
Snakk med jordmor, helsesjukepleiar eller fastlegen din. Dei kan sende tilvising, slik at saka di blir vurdert for Trygg Start.
Har du spørsmål angåande Trygg Start kan du sende e-post til leiar for gruppa: elisabeth.handal@oygarden.kommune.no
Sist endra 18.09.2026 08.33