Mor og barn treningLytt til tekstenStopp avspillingJordmor/personleg trenar har gleda av å tilby alle nybakte mødrer og babyar tilrettelagt trening i barselperioden. Tilbodet er gratis. Dato | Tid | Stad Trening kvar måndag | kl. 11.30 - 12.30 | Bane 3, Sotra Arena. Sjå kalenderaktiviteten for oversikt over datoar. Tema Det blir fokus på: kjernemuskulatur generell styrke koordinasjon Ta med matte om du har og teppe barnet kan liggja på. Barseltreff etter trening Etter timen kan dei ønskjer det samlast i kafeen til mini-barseltreff for ein matbit, kaffe og nye bekjentskap. Påmelding På Facebooksida Trimgruppe for mødre i Øygarden finn du meir informasjon om treninga. Ved spørsmål Har du spørsmål om treninga, send e-post til ashild.gavlen@oygarden.kommune.no Velkomen! Publisert 30.01.2023 14.38