Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Jordmor

Jordmødrene gjev deg oppfølging i svangerskapet etter ditt eige behov. Vi ønskjer å møta deg så tidleg som mogleg i svangerskapet og bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å vera gravid.

Kva tilbyr vi?

Vi undersøkjer di og barnet si helse. Jordmor tilbyr samtalar om fødsel, amming og spedbarnstid, begge foreldre kan koma med tankar og eventuelle bekymringar som opptek dykk og begge foreldre er velkomne til å vera med på konsultasjonane.

Helsetasjonen tilbyr fødsels- og foreldreførebuande kurs for alle som vert foreldre for første gong.

Jordmor vil også følgja deg opp med tidleg heimebesøk etter fødsel.

Du kan kva tid som helst ta direkte kontakt med jordmor på helsestasjonen. Jordmor samarbeider breitt tverrfaglig, mellom anna  med fastlegane og fødeavdelinga på sjukehuset. Jordmor sender deg vidare ved behov. 

Svangerskapskontroll

Rutinemessig undersøking av:

  • Blodtrykk
  • Urin
  • Måling av vekst og utvikling hjå fosteret
  • Lyttar på hjartelyden hjå barnet
  • Leiekontroll av barnet

Jordmor tilviser den gravide til screening ultralyd og andre undersøkingar og oppfølging hjå spesialisthelsetenesta ved behov. Herunder tilvising til Rådgivningssenteret for mor- og barn ved Kvinneklinikken i Bergen, poliklinikk for gravide, observasjonspost for gravide o.a.

Timebestilling

Telefon: 56 16 03 00

  • Tast 1 for Straume helsestasjon
  • Tast 2 for Ågotnes helsestasjon
  • Tast 3 for Sund helsestasjon
  • Tast 4 for Rong helsestasjon

Telefontid: Måndag til fredag kl. 08.30-11.15 og 12.30-13.30

Tilbod

Oppfølging

Jormor
Telefon 56 16 03 00


Opningstid
Måndag til fredag kl. 08.30-11.15
og 12.30-13.30

Adresse

Straume helsestasjon
Blombakkane 2
5354 Straume

Ågotnes helsestasjon
Skjergardsvegen 1376
5363 Ågotnes

Sund helsestasjon
Helsehuset
5382 Skogsvåg

Rong helsestasjon
Ternholmvegen 2
5337 Rong