Gruppetilbod (Helsestasjon)
Å delta i grupper når ein har fått barn kan vere ein måte å skape nettverk med andre i same situasjon. Både mor og far er velkomne til å delta på samlingane saman med barnet.
DUÅ-baby
Dette er eit gruppetilbod til alle førstegangsforeldre med 8 treff.
Tema på samlingane er:
- Opplevinga av foreldrerolla
- Samspel/kontakt mellom foreldre og barn
- Utviklinga til barnet (med fysioterapeut til stades)
- Søvn
- Barnestell
- Kosthald
- Ulykkesførebygging
- Tidleg språkutvikling
Temakonsultasjonar/-grupper
Dette er eit tilbod til alle foreldre med 3 samlingar. Ein kan velje om ein vil gå på nokre av møta eller på alle. Tilbodet er i staden for individuell konsultasjon ved 4 veker, 4 månader og 8 månaders alder. Helsesjukepleier tek mål og vekt av barnet.
Tema på samlingane er:
- 4-6 veker: Samspel og søvn
- 4 månader: Motorisk utvikling (med fysioterapeut til stades) og introduksjon til fast føde
- 8 månader: Ulykkesførebygging og førstehjelp.
Kontakt og opningstid
Telefon: 56 16 03 00
- Tast 1 for Straume helsestasjon
- Tast 2 for Ågotnes helsestasjon
- Tast 3 for Sund helsestasjon
- Tast 4 for Rong helsestasjon
Telefontid:
- Måndag til fredag kl. 08.30 - 11.15 og 12.30 - 13.30
Opningstid:
- Straume helsestasjon er open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00
- Ågotnes helsestasjon er open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00
- Sund helsestasjon er open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00
- Rong Helsestasjon er open måndag til torsdag kl. 08.00 - 15.00
Sist endra 11.11.2025 14.52